Utplantingsplanter
Plantene vi har i urner, i balkongkassar eller på kyrkjegarden gjennom sommaren, inngår i den store gruppa vi kallar utplantingsplanter. Gruppa er variert med både eittårige og fleirårige artar, frøformeirte eller stiklingformeirte. Med nokon unntak har dei til felles at dei har fargerike blomstrar.