Arbeidsoppgåver fram mot salsklart produkt

Arbeidsoppgåver fram til salsklart produkt
I god tid før plantene skal vere salsklare, må vi tenke på at dei skal formast. Vi ønsker tette, kompakte planter, utan spinkle, strekte skot som lett brekker når plantene blir transporterte eller flytta. Det er fleire måtar å få kompakte planter på, og dei mest brukte er:
topping
kjemisk vekstreduksjon
tørke, låg temperatur eller mykje lys
negativ DIF og DROP
Topping
Mange av utplantingsplantene treng topping for at dei skal bli tette og kompakte. Topping er å knipe av toppen på skota. Dei skota vi toppar, vil då bryte, det betyr at dei set skot frå sideknoppane. Altså blir det to–tre skot som det kan komme blomstrar på, i staden for eitt. Kor godt dei bryt, kjem an på arten. Nokre gir kanskje berre to nye skot, andre både fire og fem.
Kor mange rundar med topping trengst?
Dette varierer mykje med art og vekstkraft. Nokre kan du gå over mange gonger og kanskje knipe berre eit eller to skot som stikk ut, andre treng kanskje berre ein runde der dei fleste skota blir toppa.
Når du vurderer om du skal ta ein ny runde med topping eller ei, må du ta omsyn til kor god tid du har. Vanlegvis vil topping utsetje blomstring, og plantene bør ha nokre blomstrar når kundane kjem.
Topping gir stiklingar
Topping er altså eigentleg det same som å ta stiklingar frå plantene, sjølv om hovudmålet her er å lage fine planter. Men i staden for å kaste desse stiklingane, kan du gjerne bruke dei til å lage fleire planter. Dei første rundane med topping gjer du ofte så tidleg at du rekk å få nye planter av stiklingane. Stikk til dømes tre stiklingar saman, då får du raskt litt storleik på plantene.
Kjemisk vekstreduksjon
For nokre artar utplantingsplanter kan det vere aktuelt å bruke kjemiske middel for å få tette, kompakte planter. Nokre middel skal sprøytast på plantene, andre skal vatnast i potta. Det finst fleire middel å velje blant, og verknaden kjem an på temperatur, lys, art og sort, næringstilgang og kva vekstfase plantene er i. Det krev erfaring om ein skal lykkast med kjemisk vekstreduksjon. Ta kontakt med rådgivarar eller produsentar med lang erfaring før du prøver ut dette.
Visste du at ...
For å bruke kjemiske plantevernmiddel må du gjennomføre autorisasjonskurs i plantevernmiddel, bestå eksamen og ha fylt 18 år?
Tørke
Om du let plantene tørke litt, vil det òg bidra til redusert strekkingsvekst. Det er ein fordel med litt erfaring før du prøver deg på denne metoden, for plantene kan fort ta skade om du dreg denne litt for langt.
Låg temperatur
Låg temperatur bidreg òg til kompakte planter, og dette bidraget kan du få ganske gratis. Fordi produksjonen av sommarblomstrane går føre seg sein vinter / vår, får vi gjerne periodar med låg temperatur. Men pass på at plantene ikkje blir utsette for frost. Når temperaturen kryp under frysepunktet, må du anten setje på varme eller dekke plantene med duk. Ver òg klar over at plantene generelt veks saktare ved låge temperaturar, det tek til dømes lengre tid før dei blomstrar.
Mykje lys
Mykje lys er bra for å få kompakte plantar. I tidleg fase av produksjonen bør du kanskje ha noko tilleggslys, men frå slutten av februar og utover er det mykje naturleg lys.
Negativ DIF eller DROP
Negativ DIF
Uttrykket DIF er differansen i celsiusgradar mellom dag- og nattetemperaturen. Negativ DIF betyr at vi har høgare temperatur på natta enn på dagen. Det er motsett av det vi normalt har, både i veksthuset og utandørs. Utandørs er det normalt positiv DIF, altså kaldare på natta enn på dagen. Strekningsveksten blir hemma ganske mykje om vi set nattetemperaturen 2 gradar over dagtemperaturen.
Negativ DROP
Negativ DROP er å senke temperaturen i 2–3 timar rundt soloppgang. Dette droppet kjem altså tidlegare på morgonen jo lenger utpå våren vi kjem. Det har vist seg at strekkingsveksten er størst akkurat i overgangen mellom natt og dag, så viss vi senkar temperaturen nokre timar i det tidsrommet, vil det hemme strekkingsveksten.