Utplantingsplanter er ei stor, variert gruppe som dei fleste av oss møter i løpet av livet. Utvalet er stort, og det kjem nye variantar kvart år. Kva planter er det eigentleg vi kallar utplantingsplanter, og korleis bruker vi dei?
Dei aller fleste av oss har eit forhold til det vi kallar utplantingsplanter. Kvar vår fyller vi urner, bed eller balkongkasser med blomstrar frå denne store gruppa. På kyrkjegarden er det òg vanleg å bruke utplantingsplanter på gravene. Når hausten kjem, har desse plantene gjort sitt. Då tømmer vi urnene, tek opp dei avblomstra restane på gravplassen, og dei fleste utplantingsplantene hamnar i komposten. Neste vår kjøper vi nye for å pryde omgivnadene med fargerike blomstrar eller dekorativt bladverk.
Visste du at ...
Utplantingsplanter òg blir kalla sommarblomstrar? Begge namna passar eigentleg like godt. Sommarblomstrar fordi vi har dei berre på sommaren, og utplantingsplanter fordi vi plantar dei ut kvar vår.
Kva er forskjellen på utplantingsplanter og staudar?
Staudar er fleirårige, urteaktige planter vi har i bed i hagen eller i parkar i byen. Blad og blomstrar visnar ned på hausten, men rota overlever i jorda gjennom vinteren. Neste vår kjem nye skot og blomstrar opp frå rota. I motsetning til utplantingsplantene overlever altså staudane ute heile året, i år etter år. Vi slepp å plante dei ut kvar vår slik vi gjer med utplantingsplantene.
Pottenellik er ei stiklingformeira, fleirårig utplantingsplante.
Utvalet av utplantingsplanter er stort, og det kjem nye variantar kvart år. Det er inga einsarta gruppe; det er ulike formeiringsmåtar, ulike vekstformer og ulik levetid. Dei aller fleste har fargerike blomstrar, men nokre er populære av andre grunnar.
Formeiringsmåtar
Utplantingsplantene blir formeira med frø, stiklingar eller knollar. Dei fleste tilhøyrer dei to første gruppene.
Vekstform
Det finst klatrande utplantingsplanter som blomsterert og susanne med det svarte auget. Andre er hengande, som blodbeger og hengelobelia, mens til dømes superpetunia kan vere krypande.
Vi bruker desse litt om kvarandre. Blodbeger kan til dømes brukast som klatrande viss ho får noko å klatre i, men ho kan òg brukast hengande i ein ampel. Det same med superpetunia som blir krypande i eit bed, men meir hengande i ein ampel.
Nokre utplantingsplanter, som til dømes kantlobelia og mådodre, dannar låge puter, mens andre kan bli høge, som solsikka som kan bli 3–4 meter høg.
Hengelobelia finst i kvitt, lilla og blått og eignar seg godt i ampel.
Prydverdi
Dei fleste utplantingsplantene har prydverdien i blomstrane. Det finst blomstrar i alle tenkelege fargar, òg fleirfarga. Nokre har store og ganske få blomstrar, andre har mange små. Sommargeorgine er eit døme på det første, solknapp på det andre. I tillegg finst det òg utplantingsplanter der den største pryden er i bladverket.
Praktspragle har prydverdien sin i blada og finst i mange fargevariantar.
Levetid
Det finst både eittårige, toårige og fleirårige utplantingsplanter. Her i landet er vinteren som oftast for lang og kald til at dei to- og fleirårige artane overlever ute. Men nokre av dei fleirårige kan vi ta inn på hausten og oppbevare til dømes i kjellaren. Der får plantene ein kvileperiode i lite lys og låg temperatur, men blir ikkje utsett for frost. Neste vår blir dei sette ut igjen.
Oversikt over vanlege utplantingsplanter
Hagepelargonium
Vitskapeleg namn: Pelargonia zonale
Det er fleire hybridar i raudt, kvitt, rosa, lilla og nyansar av desse. Blir brukt i kasser, urner og bed. Blomstrar heile sommaren. Som oftast stiklingformeira, men finst òg frøformeira.
Slyngpelargonium
Vitskapeleg namn: Pelargonia peltatum
Blir òg kalla hengepelargonium. Kan vere raud, rosa, lilla, kvit og nyansar av desse. Enkle eller fylte blomstrar. Hengande vekst. Populær i balkongkasser. Blomstrar heile sommaren. Stiklingsformeira.
Småblomstra petunia
Vitskapeleg namn: Calibrachoa
Calibrachoa blir òg ofte brukt som norsk namn på denne. Svært populær plante i amplar, kasser og urner. Finst i nærast alle fargar, òg tofarga. Enkle eller fylte blomstrar. Nokre variantar er ganske hengande, andre meir putedannande. Blomstrar heile sommaren. Stiklingsformeira.
Krypsolknapp
Vitskapeleg namn: Sanvitalia procumbens
Mange kallar ho sanvitalia òg på norsk, eller berre solknapp. Kan brukast i kasser, urner, amplar og bed. Hengande eller putedannande. Riktblomstrande. Stiklingsformeira og frøformeira.
Verbena
Vitskapeleg namn: Verbena
Både hengande og meir opprette sortar. Kan vere blå, raud, lilla, rosa, kvit og nyansar av desse. Blir brukt i amplar, urner, kasser eller som botndekke i bed. Stiklingsformeira og frøformeira.
Margerittkrage
Vitskapeleg namn: Argyranthemum frutescens
Mange kallar denne krysantemum. Opprett vekst. Kan vere gul, raud, rosa, lilla og kvit. Blir brukt i kasser, urner og bed. Stiklingsformeira.
Spansk margeritt
Vitskapeleg namn: Osteospermum eclonis
Liknar margerittkragen i blomsteren, men blada er annleis. Opprett vekst. Blir brukt i kasser, urner og bed. Finst i mange fargar: lillanyansar, kvitt, gult, nyanser av brunt og rosa. Stiklingsformeira og frøformeira.
Superpetunia
Vitskapeleg namn:Petunia x atkinsiana
Denne blir òg kalla hengepetunia eller surfinia. Finst i nærast alle fargar, òg tofarga. Enkle eller fylte blomstrar. Nokre sortar er meir hengande enn andre. Blir brukt i amplar, kasser, urner og bed. Populær utplantingsplante. Stiklingsformeira og frøformeira.
Bacopa
Vitskapeleg namn: Bacopa monnieri
Denne har vi ikkje eit eige norsk namn på. Hengande eller krypande alt etter kvar du har ho. Blir brukt i kasser, amplar, bed eller urner. Kan vere kvit, lilla og rosa. Blomstrar rikt med mengder av små blomstrar. Stiklingsformeira.
Lobelia
Vitskapeleg namn: Lobelia erinus
Lobelia har ikkje eit eige norsk namn. Ho finst både i hengande variantar og i det vi kallar kantlobelia. Hengelobelia finst både stiklingsformeira og frøformeira, mens kantlobeliaen er frøformeira. Dei stiklingsformeira hengelobeliaene, som den på biletet, er meir kraftigveksande enn dei frøsådde og toler vind og vêr litt betre. Blomstrane kan vere mørkeblå, lyseblå, kvite eller i lillanyansar.
Brøndsle
Vitskapeleg namn: Bidens ferulaefolia
Denne blir òg kalla smalbrøndsle, men mange bruker det vitskapelege namnet bidens. Hengande eller tueliknande vekst. Blir brukt i amplar, urner og kasser. Kan òg eigne seg i bed. Rik blomstring av gule, oransjeraude, kvite eller rosa blomstrar. Stiklingsformeira.
Tvillingblomster
Vitskapeleg namn: Diascia elegans
Denne blir kalla diascia òg på norsk. Litt hengande vekst. Spinkel, men frodig i veksten. Blomstrar rikt. Blir brukt i amplar, kasser eller urner. Fargenyansar av kvitt, rosa, lakserosa og lilla. Stiklingsformeira.
Femtunge
Vitskapeleg namn: Scaevola aemula
Namnet kjem av at blomsteren har fem kronblad som kan minne om tunger. Noko hengande. Kraftig vekst og robust mot vêr og vind. Finst i kvitt, blålilla og rosa. Blir brukt i amplar, urner og kasser. Stiklingsformeira.
Susanne med det svarte auget
Vitskapeleg namn: Thunbergia alata
Klatrande eller hengande. Kan brukast i amplar, urner eller kasser. Treng noko å klatre i viss du vil ha ho til å klatre. Gule, kvite, rosa, raude eller oransje blomstrar med svart auge, derav namnet. Stiklingsformeira og frøformeira.
Hagenellik
Vitskapeleg namn: Dianthus caryophyllus
Blir òg kalla pottenellik. Opprett vekst. Passar i urner, kasser og bed. Finst i fargane raudt, rosa, lakserosa, gult og kvitt. Stiklingsformeira.
Begonia
Vitskapeleg namn: Begonia sp.
Det finst mange ulike begonia. Nokre er frøformeira (isbegonia), nokre blir formeira med knollar (knollbegonia) og nokre er stiklingsformeira (hengebegonia). Mange av begoniaene toler litt ruskevêr, derfor er mange av dei, spesielt betulia som vi ser på biletet, veldig populære å plante på kyrkjegarden. Elles kan dei brukast i urner, kasser og bed. Nokre er litt hengande og passar godt i ampel. Begonia finst i mange fargar, nokre har fylte blomstrar, andre har enkle.
Hortensia
Vitskapeleg namn: Hydrangea macrophylla
Hortensia har blitt ei svært populær utplantingsplante. Blir brukt i urner og bed. Kan vere blå, kvit, rosa, raud og lilla. Hortensia er ei surjordplante, ho vil ha låg pH. Stiklingsformeira.
Blåstråle
Vitskapeleg namn: Brachycome multifida
Blir òg kalla sløyfestråle. Putedannande. Passar godt i amplar, men kan gjerne brukast i kasser, urner eller bed. Blå, lilla, rosa eller kvite blomstrar og trådsmale, flikete blad. Stiklingsformeira.
Salvien
Vitskapeleg namn: Salvien sp.
20–80 cm høg plante. Opprett i veksten. Blir brukt i urner og bed. Blomstrane er blå, lilla, kvite eller raudaktige. Nokre av sortane er ein stor favoritt blant pollinerande insekt. Stiklingsformeira og frøformeira.
Edeltåre
Vitskapeleg namn: Fuchsia sp.
Denne blir ofte berre kalla tåre eller fuksia. Ho finst i mange fargevariantar, ofte tofarga i nyansar av raudt, lilla, rosa og kvitt. Nokre er hengande, andre er opprette. Dei hengande sortane eignar seg godt i amplar eller i urner. Dei opprette kan brukast i urner, kasser eller bed, og dei er ganske vanleg å sjå på gravplassar. Stiklingsformeira.
Hagestemor
Vitskapeleg namn: Viola x wittrockiana
Hagestemor er den sommarblomsteren vi plantar ut tidlegast på våren. Han toler fint nokre få kuldegradar utan å ta skade. Store blomstrar i alle moglege fargekombinasjonar, òg nokre einsfarga. Blir brukt i urner, kasser og bed. Det finst småblomstrande variantar som òg er populære. Frøformeira.
Edelfløyelsblomster
Vitskapeleg namn: Tagetes sp.
Blir ofte berre kalla fløyelsblomster eller tagetes. Planta finst i fleire variantar: låge, småblomstra og litt høgare med større blomstrar. Alle har nyansar av fargane gult, oransje, brunt, mange er tofarga. Blir kanskje mest brukt i bed, men kan fint brukast i kasser og urner. Toler lite frost og bør ikkje plantast ut for tidleg på våren. Frøformeira.
Flittiglise
Vitskapeleg namn: Impatiens wallerina
Flittiglise blir brukt både i bed og urner. Ho har ein opprett vekst, men blir ikkje særleg høg. Ei av dei utplantingsplantene som toler best å stå i skugge. Finst i fargane lilla, raudt, rosa, kvitt og nyansar av desse. Nokre tofarga. Flittiglise på biletet er frøformeira, men det finst òg stiklingsformeira variantar.
Ringblomster
Vitskapeleg namn: Calendula officinalis
Ringblomstrane kan vi så direkte i jorda på våren. Blir mest brukt i bed. Blomstrar i oransje eller gult, fylte eller enkle. Ringblomster blir rekna som ei medisinplante og skal vere bra for fordøyinga og motverke magesår. Blomstrar lenge utover hausten. Frøformeira, og du kan gjerne samle frø sjølv som du kan tørke og så neste vår.
Blomsterert
Vitskapeleg namn: Lathyrus odoratus
Blomsterert er ei klatrande plante som bør ha noko å klatre i. Høgda varierer frå rundt ein halv meter og opp til eit par meter. Kan bli sådd direkte i jorda på våren, men vil du ha tidlegare blomstring, bør du drive ho litt fram innandørs og så plante ho ut. Finst i mange fargar, frøposane er vanlegvis ein fargemiks. Luktar godt, fin å ta inn og setje i vase. Frøformeira.
Pyntekorg
Vitskapeleg namn: Cosmos bipinnatus
Pyntekorg er favoritten til mange og kan brukast både i urner og bed. Opprett vekst, 60–100 cm høg. Blomstrar rikt i raudt, rosa, lilla eller kvitt. Store blomstrar på ein kraftig stilk. Blada er flikete og trådsmale. Frøformeira.
Blomkarse
Vitskapeleg namn: Tropaeolum majus
Blomkarsen kan vere hengande, krypande/klatrande eller ha ein ganske opprett vekst. Dei hengande og klatrande sortane kan bli opptil eit par meter lange i løpet av sommaren. Blir mest brukt i bed, kasser eller urner. Har du planta i bed, treng ho noko å klatre etter, viss ikkje blir ho botndekke. Blomstrar i nyansar av gult og oransje langt utover hausten. Frøformeira.
Georgine
Vitskapeleg namn: Dahlia sp.
Georginar finst i mange variantar. Dei finst både som stiklingsformeira, frøformeira og formeira med knollar. Opprett vekst, høgda varierer frå 30 til 100 cm etter sort. Store blomstrar, enkle, doble eller fylte. Finst i nærast alle fargar utom blått, òg tofarga. Blir brukt i urner, kasser eller bed. Nokre utviklar knollar vi kan ta inn for overvintring. Toler ikkje frost og bør vere den siste du plantar ut på våren, og ho er den første planta som frys på hausten.
Nemesia
Vitskapeleg namn: Nemesia x hybrida
Nemesia har ikkje eit eige namn på norsk, ho blir berre kalla nemesia. Veksten er utbreidd, men ikkje direkte hengande. Blir brukt i kasser, urner og bed. Blomstrar rikt med tofarga blomstrar i kvitt, gult, oransje, raudt og nyansar av desse.
Praktspragle
Vitskapeleg namn: Coleus x blumei
Praktspragle blir òg kalla bygut eller berre spragle. Ein variant av denne finst som stueplante. Prydverdien i praktspraglen finn vi i dei fleirfarga blada. Fargane er nyansar av raudt, gult, grønt og lilla som er sett saman på ulikt vis i dei ulike sortane. Blir brukt i urner og bed. I bed er ho fin for å bryte opp mellom alt det grøne.
Solsikke
Vitskapeleg namn: Helianthus annuus
Dei høgaste solsikkeplantene kan bli 3 til 4 meter høge, men du kan òg få ho som ei 25 cm høg potteplante. Blomstrane har som oftast gule kronblad, mens midtskiva kan vere gul, brun eller purpurfarge. Diameteren på blomsteren kan bli opp mot 50 cm. Stengelen er kraftig, men dei høgaste plantene må bindast opp. Viss du følger med på ei solsikke gjennom ein solfylt sommardag, vil du sjå at blomsteren alltid vender seg mot sola. Frøa frå solsikka er etande og blir mellom anna brukte til brødbakst. Dei er òg veldig populære hos småfuglane. Frøformeira.
Prydtobakk
Vitskapeleg namn: Nicotiana alata
Blir òg kalla vengetobakk. Blir brukt i urner og bed. Opprett vekst, høgda varierer med sort, men ho blir sjeldan over 50 cm. Trompetforma blomstrar i raudt, kvitt, rosa, lilla og lysegult. Frøformeira.
Petunia
Vitskapeleg namn: Petunia x grandiflora
Plante med kompakt, opprett eller noko utbreidd vekst. Blir brukt i kasser, urner eller bed. Trompetforma blomstrar i nesten alle tenkelege fargar og fargenyansar. Klistrete blad. Frøformeira.
Smådodre
Vitskapeleg namn: Lobularia maritima
Teppe- eller putedannande plante. Blir brukt i kasser, urner og steinbed. Populær plante på kyrkjegarden. Små blomstrar i tette klasar, kvite, blå, lilla eller rosa. Frøformeira.
Prydløvemunn
Vitskapeleg namn: Antirrhinum majus
Plante med opprett eller hengande vekst. Dei opprette kan bli 20–60 cm høge. Mange fargenyansar i raudt, gult, kvitt og rosa. Blomstrane sit tett i ein aksliknande blomsterstand. Blir brukt i bed, kasser og urner. Dei hengande sortane kan brukast i amplar. Blomsteren liknar munnen på ei løve, munnen opnar seg om du trykker lett på blomsteren, derav namnet. Frøformeira og stiklingsformeira.