Oppstart av sesongen

Frøformeirte utplantingsplanter
Dei frøformeirte utplantingsplantene er ei stor gruppe der dei fleste er eittårige. Mange av dei kjende artane som til dømes stemor, petunia, ringblomster og blomstererter høyrer til denne gruppa.
Nokre av dei frøformeirte artane treng lang tid frå såing til blomstring. Dei første bør du så allereie i månadsskiftet januar–februar viss dei skal vere store og fine når salet startar. Andre treng kort tid frå såing til salsklart produkt.
Det kan vere lurt å bruke litt tid på vinteren til å setje opp ei liste med såtid for kvar av dei frøformeirte artane. Deretter justerer du lista neste vinter dersom du ser at du bommar litt. Ein rådgivar eller eit frøfirma kan hjelpe deg i starten.

Såing
Små frø vil vi vanlegvis breiså. Det betyr at vi spreier frøa jamt utover såbrettet. Har vi store frø, kan vi så dei eit og eit i pluggbrett eller enkelte gonger direkte i salspotta. Som vekstmedium bruker vi såjord. Det er torv med fin struktur, ofte med litt sand i.
Frø må ha fukt for å spire, derfor er det viktig å hugse å vatne opp godt før såing. Dei aller fleste frøa bør vi dekke slik at dei blir haldne fuktige. Du kan dekke med eit tynt lag torv, perlite eller vermiculitt. Sørg for at frøa får god kontakt med såjorda.
Film om såing av frø (3:11)
Denne filmen tek for seg heile prosessen med såing av frø.
Prikling
Når frøa dine har spirt og småplantene har fått minst eit varig blad, kan du prikle. Det betyr at kvar enkelt plante blir flytt over i salspotta eller til ein mellomstasjon i pluggbrett. Etter prikling får dei betre plass til både rot og blad.
Film om prikling (1:26)
Stiklingsformeirte utplantingsplanter
I denne gruppa finn vi òg mange kjende og kjære artar, mellom anna pelargoniaer, tårer og margerittar. Mange som sel utplantingsplanter, kjøper inn småplanter av dei stiklingformeirte, pottar dei og driv dei fram til sal. Skal du formeire opp sjølv, må du overvintre morplanter som du kan ta stiklingar frå, og starte tidleg for å få ferdige planter til salssesongen. Det betyr at du må ha varme i veksthuset.
Stiklingane du kjøper, kjem i pluggbrett som du må potte over i salspottene. Har du morplanter sjølv og tek stiklingar frå dei, er det vanleg å stikke i pluggbrett. Når desse har slått rot, pottar du dei vidare inn i salspotta.
Film om potting (0:37)
Filmen er utan tale og viser gartnaren som tek planter frå pluggbrettet og pottar ei og ei plante over i salspotter.
Småplanter
Ein del gartneri har spesialisert seg på å produsere småplanter av både frøformeirte og stiklingformeirte utplantingsplanter. Dei leverer då pluggplanter som må pottast inn i salspottene og drivast fram til sal. Dette kan vere ei løysing viss du har utsal av sommarblomstrar, men manglar veksthus med godt varmeanlegg. Då får du plantene når temperaturen er høg nok til å unngå problem med frost.
I utsal har dei frøformeirte utplantingsplantene som oftast ein noko lågare pris enn dei stiklingformeirte.
Vekstmedium
Det er vanleg å bruke torv til utplantingsplantene. Det finst fleire torvprodusentar. Sjølv om vi kallar det torv, er det sjeldan rein torv, nokon tilset litt jord eller sand i tillegg til gjødsel. Ein rådgivar kan hjelpe deg med å finne ei torv som passar til bruken din.
Brett og potter
For å få rasjonelle produksjonar bruker vi som regel ulike typar rammer og systembrett når vi handterer plantene. I eit slik system er alle pluggbrett like store sjølv om dei har ulikt tal på pluggar, det gjer det til dømes enkelt å flytte om på bordet i veksthuset. Det finst òg rammer som enkeltpotter kan plasserast i, og desse er òg i same storleik som pluggbretta.

Kor stor potte eller kor mykje plass ei plante treng, er heilt avhengig av kor stor ho skal vere når ho skal seljast. Til dømes kan vi selje same art sommarblomster frå både små og store potter, då vil den med stor potte vere større og ha ein høgare pris.

Amplar
Amplar er potter med oppheng som er meint for planter som er meir eller mindre hengande. Det finst amplar i ulike storleikar, og i dei største plantar vi gjerne 3–4 planter saman. Du kan velje fleire like planter eller kanskje ulike planter.

Oppgåve
Vel rett alternativ