Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Fordjupingsoppgåver om kalvehelse

Det er mange faktorar som speler inn på helsa til kalvane. Her kan du repetere fagstoff og lage dine eigne rutinar for godt kalvestell.

Oppgåver om kalvehelse

  1. Kva signal bør du sjå etter for å vurdere helsa til kalven, og kvifor er det viktig å oppdage negative signal tidleg?

  2. Korleis påverkar stress immunforsvaret til kalvane, og kva tiltak kan du gjere for å redusere stress i kalveoppdrett?

  3. Beskriv tiltak for å unngå diaré hos kalvar, og forklar kvifor råmjølk er viktig i denne samanhengen.

  4. Luftvegsinfeksjonar hos kalvane: årsaker og førebyggande tiltak

    1. Beskriv kva smittestoff som kan gi luftvegsinfeksjonar, og korleis dei ulike smittestoffa verkar.

    2. Korleis kan du sikre at fjøsmiljøet er optimalt for å redusere risikoen for luftvegssjukdommar hos kalvar?

  5. Kva tiltak vil du tilrå for ein bonde som slit med leddbetennelsar hos kalvane?

  6. Kva kan du gjere for å redusere smittepresset i fjøset?

    1. Beskriv korleis gruppestorleik, flytting av kalvar og dårleg hygiene verkar inn. Er det andre faktorar du vil nemne?

    2. Foreslå tiltak som kan gi mindre smittepress i eit fjøs du kjenner.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 17.12.2024