Dyrevelferdsprogram for storfe

Kvifor dyrevelferdsprogram?
Programmet vart lansert i 2022, og det er fagorganisasjonane i storfenæringa som står bak. Målet er å dokumentere og vareta helse og velferd i norske storfebesetningar på best mogleg måte.
Eit av måla med DVP er at dyrevelferda skal bli endå betre når du som bonde samarbeider med veterinæren om å kartlegge, dokumentere og forbetre velferda i ditt eige fjøs.
Kven deltek?
Alle storfebesetningar med fleire enn ti dyr skal delta i dyrevelferdsprogrammet. Kven som skal delta, blir oppdatert kvart år, og det baserer seg på innsende søknader om produksjonstilskot.
Korleis blir det organisert?
For deg som storfebonde inneber dyrevelferdsprogrammet at du skal ha eit DVP-besøk av veterinær minst kvar 16. månad. Du kan sjølv velje kva veterinær du vil ha besøk av, i forkant av kvart besøk, så lenge hen er godkjend som DVP-veterinær for storfe.
Når du blir med i dyrevelferdsprogrammet, får du tilgang til å logge inn i velferdsportalen for storfe (VPstorfe), og her skal du legge inn avtalane du gjer med veterinæren.
Når veterinæren er på DVP-besøk, går hen og bonden saman gjennom storfebesetninga og svarer på spørsmål om utvalde dyrevelferdsindikatorar. Desse indikatorane kan du lære meir om i sida om velferdsvurdering i storfefjøset.
Dokumentasjon og tiltak
Etter at DVP-besøket er gjennomført, legg veterinæren inn ein besøksrapport i velferdsportalen. Viss de har blitt einige om nokre tiltak som må gjerast for å betre dyrevelferda, legg veterinæren inn ein frist for når tiltaka skal vere utførte. Viss du har gløymt kva tiltak de vart einige om, eller er usikker på fristen som vart sett, kan du logge inn i portalen og finne svaret der.
Så snart du har gjort dei tiltaka de vart einige om, gir du beskjed til veterinæren sånn at hen kan gå inn og lukke avviket.
Forbetringar
Av og til kan veterinæren foreslå enkle forbetringar du kan gjere utan å legge dei inn som tiltak i rapporten. Det er ingen krav om dokumentasjon på at du har gjort desse forbetringane, men det er tilrådd.