Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Den nyfødde kalven

Den nyfødde kalven treng eit tørt og reint miljø. Det er viktig at du følger med i fjøset slik at du kan flytte kua til ein kalvingsbinge før fødselen startar. Etter fødselen må du sikre at kalven får i seg råmjølk så snart som mogleg.

Råmjølk

Kalven blir fødd heilt utan immunforsvar fordi det ikkje blir overført immunstoff frå kua gjennom morkaka. Derfor må han få råmjølk så snart som mogleg etter fødselen, seinast innan to timar. For å vere sikker på at han får i seg nok råmjølk, er det best å mjølke kua og gi kalven av flaske. Mjølka bør ha ein temperatur på 39–40 gradar, då vil ho òg hjelpe kalven til å halde stabil kroppstemperatur. I den første fôringa skal kalven helst få drikke så mykje han vil.

Her er ei liste over tilrådingar frå TINE:

  • Bruk råmjølk av god kvalitet. La kalven drikke opp all mjølka frå det første før du gir han mjølka frå neste mål.

  • Bruk smokk med ganske lita opning slik at kalven må suge godt når han skal drikke.

  • Ikkje stol på at kalven får i seg nok med å die.

  • Start med å varme opp fire liter, og la kalven få endå meir viss han framleis er svolten. Tilpass mengda etter storleiken på kalven, han bør få 8,5 prosent av kroppsvekta si.

  • I løpet av det første døgnet bør kalven drikke tre–fire liter i tillegg til den første fôringa.

  • Bruk sonde viss kalven ikkje klarer å drikke sjølv, eller viss han drikk mindre enn to liter.

Råmjølkskvalitet

Når vi snakkar om råmjølkskvalitet, er det talet på antistoff som gjeld. Kvaliteten på råmjølka varierer ganske mykje mellom kyr, men innhaldet av antistoff er alltid størst rett etter kalving. Derfor er det veldig viktig at kalven får drikke all mjølka frå det første målet.

Refraktometer

Du kan bruke eit refraktometer for å måle innhaldet av antistoff i råmjølka. Dette bør du gjere fordi det kan vere nokre kyr som har veldig lite antistoff i råmjølka, mens andre har mykje. For å sikre at alle kalvane får råmjølk av god kvalitet, er det derfor lurt å fryse ned ein del av råmjølka frå dei kyrne som har mykje immunstoff i mjølka si.

Tenk gjennom

Kvifor skal du ikkje la høgdrektige kyr gå saman med kalvar frå andre kyr?

Navlen er eit opent sår hos den nyfødde kalven, så han kan vere inngangsport for bakteriar. Derfor bør du alltid reinse navlen på alle nyfødde kalvar. Du kan bruke navlespray eller jodoppløysning til dette. Navlespray har ingen desinfiserande eigenskapar, men han gjer at navlen tørkar fortare, og ein tørr navle er ikkje så utsett for bakterieangrep.

Vatn

Kalven drikk som regel ikkje så mykje vatn heilt i starten, men han skal uansett ha tilgang til friskt vatn frå første levedøgn. Hugs at det er viktig å skifte vatnet kvar dag sjølv om kalven ikkje drikk så mykje, elles er det fare for at skadelege mikroorganismar kan formeire seg i vasskåla! Drikkeniplar er enklare å halde reine enn vasskåler. Men kalvane kan ofte søle litt når dei drikk av niplane, noko som kan gi eit fuktig og utriveleg miljø i bingen.

Kraftfôr

Kraftfôr er viktig for god utvikling av drøvtyggarfunksjonen, derfor skal kalvane òg ha tilgang til kraftfôr frå første leveveke. TINE tilrår at du bruker kalvekraftfôr som er tilpassa fordøyingssystemet til kalvane. Det er god lukt og smak på kalvekraftfôr, og derfor vil kalven snuse og smake litt. Kalvar som går saman med andre kalvar, lærer seg å ete kraftfôr tidlegare enn kalvar som er oppstalla enkeltvis.

Grovfôr

Kalvane må òg få grovfôr for at drøvtygginga skal komme i gang. Dei bør få det beste grovfôret du har, og du bør gi dei tilgang til grovfôr heilt frå den første veka. Surfôr av god kvalitet eller fint høy gir kalvane eit godt utgangspunkt for å bli gode drøvtyggarar.

Oppgåver

  1. Lag ei hugseliste over dei viktigaste arbeidsoppgåvene du må utføre i løpet av dei første timane etter kalving.

  2. Finn ut kva ein "Cuddle Box" er, og korleis han blir brukt. Synest du dette er eit nyttig hjelpemiddel?

  3. Når skal du starte med å gi vatn, kraftfôr og grovfôr til kalvane dine?

  4. Finn ut korleis eit refraktometer verkar, og prøv det ut i praksis viss du har høve til det. Ta gjerne fleire testar med mjølk frå ulike kyr.

Kjelder

Forskrift om hold av storfe. (2004). Forskrift om hold av storfe (FOR-2004-04-22-665). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2004-04-22-665

TINE Rådgivning og Medlemsservice. (2021). Godt kalveoppdrett 0–3 mnd [Digital brosjyre]. https://sway.cloud.microsoft/JP1mfwAul4MFX2XI

Økologiforskriften. (2022). Forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter, akvakulturprodukter, næringsmidler og fôr m.m. (FOR-2022-06-11-1171). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2022-06-11-1171

Økologisk Norge. (2022, 19. januar). Fakta om økologisk ku og okse. https://okologisknorge.no/hvorfor-oekologisk/fakta/hvorfor-er-oekologisk-bra-for-dyra/oekologiske-kyr/fakta-om-oekologisk-ku-og-okse/

Relatert innhald

Oppstalling av kalv

Det er ulike løysingar for oppstalling av kalvar den første tida. Du bør alltid tenke på helsa og velferda til kalven når du skal velje løysing.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 07.11.2024