Forklaringsartikkel
Pinnefres
Pinnefresen er eit viktig verktøy i maskinering. Han blir brukt til å skjere presise spor og former i metall og andre materiale, og han er uunnverleg for å lage alt frå maskindelar til komplekse komponentar.
Kva er ein pinnefres?

Ein pinnefres er eit roterande skjereverktøy laga av hardmetall eller høghastigheitsstål. Fresen er designa for å bearbeide materiale med høg presisjon. Han blir ofte brukt i fresemaskiner og CNC-maskiner for oppgåver som å skjere spor, lage profilar eller forme detaljar.
Pinnefresen har ein sylindrisk kropp med skarpe skjerekantar, som kan bearbeide materiale både langs sidene og i botnen av verktøyet.
Du finn pinnefresar i ulike storleikar og former, avhengig av jobben som skal gjerast. For eksempel blir ein tynn pinnefres brukt for å lage detaljerte snitt, medan ein breiare pinnefres blir brukt for å fjerne nye materiale raskt.