Forklaringsartikkel
Planfresehovud
Eit planfresehovud blir brukt i fresemaskiner for å lage jamne overflater. Det må kontrollerast jamleg for å sikre god kvalitet og for at ein skal unngå skader.

Planfresehode
Eit planfresehovud finn du i både manuelle og CNC-styrte fresemaskiner. Planfresehovudet som blir vist i illustrasjonen, har 7 vendbare hardmetallskjer. Dei blir festa til planfresehovudet med låseskrue på baksida.
Det er viktig å sjekke fresehovudet og dei utskiftbare skjera regelmessig slik at du ikkje får stygg overflate eller skader på fresehovudet.