Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Tverregg

Tverreggen på eit bor er den korte, flate delen midt på borhovudet som ikkje skjer, men pressar materialet bort.

Når eit spiralbor skjer i eit materiale, er det hovudskjera langs kanten som utfører sjølve kuttinga. Tverreggen er plassert midt på borhovudet og fungerer meir som ei trykkflate enn ein skjerekant. Tverreggen skaper høg friksjon, noko som kan føre til at det blir vanskelegare for boret å trenge inn i harde materiale.

For å redusere denne motstanden kan vi slipe boret. Tverreggsliping gir spissare inntrenging og meir effektiv kutting. Særleg ved boring i metall kan ein optimalisert tverregg gi betre hastigheit og meir presisjon. Tilpassa sliping kan gi betre resultat og lengre levetid for verktøyet.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 13.01.2026