Ruleikslære

Kva er eit ruleikslære?
Eit ruleikslære består av mange små metallplater som viser kor ru ei overflate kan vere. Platene viser ruleik frå ulike omarbeidingsteknikkar som dreiing, fresing, plansliping og brotsjing. Kvar overflate har ein standardisert talverdi som blir brukt i tekniske teikningar for å vise kva overflatekvalitet som er ønskt.
Ruleik blir målt i mikrometer (µm) og beskriv høgdeforskjellar på overflata etter maskinering. Ei grov overflate kan føre til meir friksjon og slitasje, mens ei altfor glatt overflate kan gjere at smørjing fungerer dårleg eller at delar ikkje sit godt nok saman.
Kvifor er ruleik viktig?
I industrien et det viktig å forstå overflateruleik for å produsere delar med riktig kvalitet og funksjonalitet.
Ruleiksverdiar, som Ra (middelruleik), blir spesifiserte i tekniske teikningar for å sikre at ein komponent oppfyller krava til tettleik, slitestyrke eller estetikk. For å oppnå ønskt ruleik blir det brukt ulike bearbeidingsteknikkar som dreiing, fresing, sliping og polering.