Forklaringsartikkel
Å drøfte
Å drøfte vil seie at ein ser ei sak frå ulike perspektiv.
Å drøfte er å diskutere eit tema eller ei sak på ein slik måte at du får fram ulike perspektiv. Du kan drøfte både munnleg og skriftleg.
Du kan for eksempel
beskrive ulike argument for og imot
beskrive ulike løysingar
beskrive ulike konsekvensar som kan oppstå
beskrive ulike haldningar
Etter at du har drøfta, skal du lage ein konklusjon. I konklusjonen skal du forklare kva du synest er det beste valet ut frå ståstaden din. Du kan også konkludere med kva du meiner bør veljast bort, og kvifor du meiner det.