Fruktbarheit hos kyr

God fruktbarheit
Som bonde er du avhengig av god fruktbarheit hos kyrne fordi du treng påfyll av nye dyr kvart år. Og for å få påfyll av dyr må kyrne dine bli drektige og bere fram kalvar.
Det er vanleg at kviger kjem i brunst når dei er ni–ti månader gamle, men dei treng å vekse seg litt større før dei er klare for inseminering. Derfor blir dei som regel inseminerte første gong når dei er mellom 14 og 16 månader, og dei får første kalven når dei er omtrent to år.
Fôring
Rett fôring er ein føresetnad for god fruktbarheit i buskapen, og om du gjer ei holdvurdering av dyra med jamne mellomrom, har du eit godt hjelpemiddel for å sjekke om fôringsstrategien din er rett. Kyrne bør vere i middels godt hold for at fruktbarheita skal bli god.
Innkalvingsalder og kalvingsintervall
Med innkalvingsalder meiner vi alderen til kviga når ho får den første kalven, og gjennomsnittsalderen for NRF er i overkant av to år. Det er heller ikkje uvanleg at innkalvingsalderen litt under to år. Men det viktigaste er alltid at kviga er stor nok og godt nok utvikla til å bere fram eit foster før du inseminerer eller parar henne.
Visste du at ...
Ei NRF-kvige bør vege minst 400 kg når du inseminerer henne første gongen. Dette svarer til eit brystmål på 166–170 cm.
Kalvingsintervall er tida mellom to kalvingar. Dei fleste ønsker at kyrne får éin kalv i året, noko som svarer til eit kalvingsintervall på tolv månader.
Ikkje-omløpsprosent
Høg ikkje-omløpsprosent (IO-%) tyder på at fruktbarheita er god, fordi høg prosent betyr at mange kyr berre er inseminerte ein gong. Dette er positivt fordi det betyr at dei ikkje har hatt omløp (ny brunst) og er blitt inseminerte fleire gonger i løpet av ein periode på ein til to månader. Det betyr at dei sannsynlegvis er drektige.
FS-tal
FS står for fruktbarheitsstatus, og er eit vanle mål på fruktbarheita hos mjølkekyr. FS-talet er ein indeks som kan variere mellom 0 og 100, og gjennomsnittsverdien ligg rundt 60. Om du har eit FS-tal som er under 35, tyder det på at du har store problem med fruktbarheita i buskapen. Men hugs at dette talet blir berekna for enkeltdyr, så i små buskapar kan eit dårleg resultat frå éi ku gi store utslag.
Dette inngår i FS-talet:
ikkje-omløpsprosent etter 56 dagar
talet på insemineringar som er utførte i gjennomsnitt per ku/kvige
gjennomsnittstid frå kalving til siste inseminering
utsjaltingar (kyr som blir slakta) på grunn av manglande fruktbarheit
KFI- og KSI-intervall
Tida frå kalving til første inseminasjon (KFI) og tida frå kalving til siste inseminering (KSI) er òg viktige fruktbarheitsmål.
Du bør ikkje inseminere kua før tidlegast seks veker etter kalving. Ho treng tid til å gro, og fødselskanalen og børen må reinse seg før ho begynner på ei ny drektigheit. Mange kyr treng endå lengre pause før dei kan inseminerast igjen, anten på grunn av sjukdom eller manglande brunst.
Manglande brunst kan ha mange årsaker, men den vanlegaste er nok energimangel. Mjølkeproduksjon er veldig energikrevjande, og spesielt hos unge kyr kan det ta lang tid etter kalving før dei har nok overskot til å vise brunst.
Det hender at kua ikkje tek seg (blir drektig) ved første forsøk. Derfor er òg avstand frå kalving til siste inseminering interessant når du skal setje mål for fruktbarheita i buskapen.
Relatert innhald
Når du skal planlegge kvigefôringa, må du ha ein plan for kva funksjon kvigene skal ha i framtida.
Slutten av ein laktasjonsperiode kallar vi avsining. Då skal kua slutte å produsere mjølk, fordi juret treng ein pause før neste kalving og laktasjon.