Kva er brunst?

Brunstsyklus
Brunsten gjentek seg i faste syklusar gjennom året, og det er vanleg at kyr har ein brunstsyklus på 21 dagar. Det vil seie at det går 21 dagar mellom kvar eggløysing så lenge kua ikkje er drektig. Brunsten kan òg forsvinne heilt eller delvis viss kua slit med underernæring eller har andre helseproblem.
Tenk gjennom
Kvifor snakkar vi berre om brunstsyklusen hos kyr? Kva med oksane?
Fasar i brunsten
Det er vanleg å dele brunsten i desse tre fasane: forbrunst, brunst og etterbrunst.
Forbrunst (1–3 dagar)
Forbrunsten varar som regel i 1 til 3 dagar, og han startar med at det blir skild ut eit hormon frå hypofysen, som aktiverer modning av ei eller fleire eggceller i eggstokken.
Når eggcellene modnar, dannar dei ei væskefylt blære (ein follikkel) som skil ut brunsthormonet østrogen. Østrogenet påverkar åtferda til kua på fleire måtar, og det følgande kan vere teikn på at kua er i forbrunst:
Kua blir meir aktiv og vil ofte søke kontakt med andre kyr.
Kua slimar. I starten er slimet grått og seigt, så blir det blankare og meir tyntflytande etter kvart.
Nokre kyr gir ikkje ned mjølka.
Brunst (6–30 timar)
Østrogenet frå follikkelen på eggstokken held fram med å produsere østrogen, og kua viser ofte tydelege brunstteikn i denne fasen. Her er nokre døme:
Kua står for riding (blir gjerne kalla stårefleks).
Kua har blankt slim som kan trekkast ut i lange trådar.
Nokre kyr kan stå og raute i starten.
Kua er meir aktiv, står ofte når dei andre har lagt seg, og er meir merksam på alt som skjer.
Kua har hovne kjønnslepper.
Kua senkar lenda eller løfte halerota viss du tek på ho eller plystrar litt.
Etterbrunst (1–3 dagar)
Det er først i etterbrunsten at egget losnar frå eggstokken, og då blir det ei grop som blir fylt opp med gule celler og dannar den gule lekamen. Den gule lekamen produserer hormonet progesteron, som skal hindre at kua startar ein ny brunstsyklus. Viss kua blir drektig og det befrukta egget festar seg til børveggen, vil det gule lekamen halde fram med å produsere progesteron som vernar fosteret. Då vil ikkje kua komme i ny brunst før etter at kalven er fødd.
Viss kua ikkje blir befrukta, vil cellene i børveggen registrere dette og begynne å produsere hormonet prostaglandin. Prostaglandin vil så påverke eggstokken sånn at den gule lekamen blir tilbakedanna. Då vil produksjonen av progesteron stoppe, og dermed kan kua komme i ny brunst.
Teikn du kan sjå i etterbrunsten:
Kua oppfører seg normalt, utan synlege teikn på brunst.
Kua har ingen ståbrunst og vil heller ikkje ri på andre kyr.
Det kan komme litt seigt, blankt slim.
Det er normalt at kyrne blør 1–2 dagar etter eggløysing.
Visste du at ...
Cirka 85 prosent av kviger og cirka 55 prosent av kyr har ei bløding etter brunst? Denne blødinga fortel deg at kua har hatt eggløysing i løpet av det siste døgnet, men ho fortel ingenting om kua er drektig eller ikkje.
Seksuelt aktive grupper (SAG)
I lausdriftsfjøs og ute på beite vil kyr som er brunstige, halde seg nær kvarandre og vise brunstteikn ofte. Både kyr som er i forbrunst, og kyr som ikkje er i brunst, kan danne grupper saman med ei ku som er brunstig.
Det er viktig at du kjenner til denne åtferda, for i ei sånn gruppe vil alltid minst ei av kyrne vere i brunst.
Aktivitetsmålarar
Sidan ei ku i brunst vil vere meir aktiv enn ho er elles, kan aktivitetsmålarar vere til god hjelp når du skal registrere brunst. Det er fleire ulike aktivitetsmålarar på marknaden, og mange bønder bruker dette verktøyet i tillegg til eigne observasjonar når dei skal finne rett tidspunkt for inseminering.