Gardsokse eller inseminering?

Bruk av gardsokse til bedekking
Det er vanlegast å bruke gardsokse til ammekyr og i kjøttfeproduksjon, men det er også nokre mjølkeprodusentar som har gardsokse. Ein del produsentar kombinerer bruk av inseminering og gardsokse. Då er det vanleg å la gardsoksen gjere jobben viss ei ku ikkje har blitt drektig etter inseminering.
Nokre vel også å bruke gardsokse på dei kvigene og kyrne som skal parast i beitesesongen. Det er fordi det kan vere utfordrande å følge godt nok med på brunsten og få tak i kyrne slik at dei kan inseminerast i denne perioden.
Oppgåver
Sjå for deg at du skal kjøpe ein gardsokse. Kva krav stiller du til oksen, og kvifor er det viktig å ha tenkt gjennom desse krava før du handlar?
Kva fordelar og ulemper er det med bruk av gardsokse i staden for inseminering? Grunngi svaret.