Inseminering er viktig i storfeavl fordi du kan velje kva eigenskapar du ønsker at oksen skal gi vidare til kalven. Du kan òg velje blant oksane som har dei beste gena. Her får du lære meir om kva inseminering går ut på, og kva fordelar og ulemper det har.
Det er viktig at kvigene er godt nok utvikla og har nådd ein viss storleik før du inseminerer dei. Dette gjeld òg viss du skal sleppe dei saman med ein okse for bedekning.
Ei kvige som ikkje er stor nok når ho blir drektig, har større risiko for å få problem under kalving. Og sidan kviga har brukt mykje av energien sin på å bere fram kalven, vil ho òg slite med å ta igjen sin eigen tapte tilvekst etter at kalven er fødd.
Små kyr vil komme langt ned på rangstigen, noko som òg fører til at dei får mindre av det beste fôret enn dei større kyrne.
Derfor vil ei kvige som får kalv før ho er godt nok utvikla, mjølke mindre, og ho vil òg slite med å oppnå tilrådd vekt som vaksen.
Tilrådd storleik ved første inseminering/paring for nokre rasar
Tilrådd storleik på kvigene ved første inseminering/paring
Når oksen rir opp, seier vi at han gjer eit sprang.
Éin okse produserer mykje meir sæd enn det som trengst for å befrukte ein liten flokk med kyr. Derfor er det vanleg å velje ut berre nokre få oksekalvar kvart år som avlsdyr. Desse oksane får då ein jobb som går ut på å ri på eit såkalla fantom eit par gonger i veka. Eit fantom er ein jernokse som er dekt med eit kuskinn, sånn at han liknar bakparten på ei ku. Mens oksen rir, fører ein laboratorieteknikar penisen til oksen inn i ein kunstig skjede. I enden av den kunstige skjeden er det festa eit reagensrøyr som samlar opp sæden. Så blir sæden tynnt ut med ei næringsløysing og fordelt på mange små plaststrå, før han blir frosen ned og oppbevart i flytande nitrogen til han skal brukast.
Sæden blir køyrd ut til dyrlegar og inseminørar i heile landet med jamne mellomrom. Viss du inseminerer dyra dine sjølv, kan du bestille sæd frå nettbutikken til GENO.
Ein sæddunk som inneheld flytande nitrogen og mange dosar med oksesæd! Alle som driv med inseminering av kyr, har ein sånn dunk. Sæden blir oppbevart i ein termos etter at han er fiska ut av sæddunken, så han held seg best mogleg til han skal plasserast i insemineringsrøyret.
Inseminøren fører først den eine handa inn i endetarmen på kua. Dette er fordi hen skal kjenne at insemineringsrøyret blir ført inn der det skal, i børhalsen på kua. Ofte vil hen dra ut litt avføring først for å kunne føle med fingrane kvar børhalsen er, gjennom den tynne huda i tarmen.
Så blir insemineringsrøyret ført inn i skjeden, og sæden blir pressa ut av plastrøyret med eit tynt stempel. Det heile er som regel over i løpet av eit minutts tid.
Sæden er i det vesle gule plaststrået som er merkt med namnet og nummeret til oksen.
Bruk av inseminering krev at du følger nøye med på brunsten og sørger for å inseminere på rett tidspunkt. Det er ikkje alle kyrne som viser brunsten like godt, mens andre har korte eller lange brunstar. I tillegg har både egget og sæden kort levetid, så det krev lang erfaring å treffe rett kvar gong.
Brunstkalender
Du bør ha ein brunstkalender i fjøset. Der skriv du opp kva kyr som er i brunst, blir inseminerte og blør. I ein brunstkalender er det 21 dagar (tre veker) mellom kvar kolonne, sånn at du berre kan sjå på kalenderen for å vite kva kyr som var i brunst for snart tre veker sidan. Då kan du følge litt ekstra med på dei kyrne når tida for neste brunst nærmar seg.
Kvifor er det lurt med brunstkalender?
Du kan planlegge inseminering ved å notere brunsten.
Du veit når ei ku har vore i brunst viss du noterer den dagen ho blør, sidan eggløysinga skjer ca. eit døgn før blødinga.
Du kan følge med på om ei ku kjem i ny brunst når det nærmar seg tre veker sidan ho vart inseminert. Kanskje det var mislykka, så ho må inseminerast på nytt?
Ein brunstkalender er eit godt hjelpemiddel når du skal følge med på brunsten. Brunst, sliming og blødingar blir førte inn i kalenderen.
Aktivitetsmålarar
Mange bønder bruker digitale aktivitetsmålarar som hjelpemiddel når dei skal finne ut om ei ku er i brunst. Det er fordi kyrne som regel blir meir aktive under brunsten.
Ulike sædtypar
Du kan velje å inseminere kyrne dine med ulike sædtypar, alt etter kva rolle du planlegg at kalven skal ha i drifta når han blir fødd.
Ordinær (konvensjonell) sæd
Sæd frå eliteoksar
Sæden kjem frå rundt 20 eliteoksar av rasen NRF.
Utvalet av eliteoksar blir forandra omtrent fire gonger kvart år, og denne sæden blir send ut i landet med GENOs sædrute.
Sæd frå gamle norske rasar
Dei ulike avlslaga for dei gamle rasane og Norsk genressurssenter samarbeider med GENO om avlsarbeid og distribusjon av sæd frå gamle rasar.
Dette er rasane du kan bestille sæd av: telemarksfe, sidete trønder- og nordlandsfe (STN), dølafe, vestlandsk fjordfe, vestlandsk raukolle, austlandsk raukolle og jarlsbergfe.
Spesialsæd
Dette er sæd som er behandla i laboratoriet for å gi avkom med spesielle eigenskapar eller for å ha lengre levetid i børen. Importert sæd frå andre mjølkerasar eller kjøttferasar er òg kategorisert som spesialsæd.
SpermVital. Sæd som kan overleve eit døgn lenger enn ordinær sæd, så då kan du inseminere kua på eit tidlegare stadium i brunsten. Ein fordel med denne sæden er at du ikkje treng å inseminere kua to dagar på rad viss du er litt for tidleg ute.
Kjønnsseparert sæd (KJS). GENO tilbyr kjønnsseparert sæd frå nokre NRF-oksar (REDX). Denne sæden gir kukalv i 90 prosent av tilfella. Det er berre nokre få oksar som har god nok sædkvalitet til at det er aktuelt å kjønnsseparere sæden, så her er okseutvalet mindre enn for annan sæd. Ei anna ulempe med denne sæden er at han har kortare levetid enn ordinær sæd på grunn av den tøffe behandlinga. Og då er det endå viktigare at du inseminerer til rett tid!
Av nokre kjøttferasar kan du òg få kjønnsseparert sæd som gir større sjanse for oksekalv.
Sæd frå importerte mjølkerasar. GENO tilbyr òg sæd frå nokre utanlandske mjølkerasar: viking raud, holstein, jersey, brown swiss og fleckvieh (mjølkesimmental)
Kjøttfesæd. Det blir drive nasjonalt avlsarbeid for fem kjøttferasar: charolais, limousin, hereford, angus og simmental.
I tillegg blir det importert sæd av blonde d'Aquitaine, tiroler grauvieh, galloway, highland cattle, dexter og wagyu.
Blanda sæd. Blanding av sæd frå fleire oksar, anten av same rase eller av ulike rasar. I Noreg blir det foreløpig laga berre blanda sæd frå aberdeen angus. Ein fordel med å blande sæd frå fleire oksar er at det er lettare å lykkast med å få kalv i kua.
Viss du skal inseminere kyrne dine sjølv, blir det stilt strenge krav frå Mattilsynet. Først må du ta eit kurs som går over fem dagar og blir avslutta med eksamen. I tillegg til å bestå eksamen krevst det òg eit visst tal godkjende insemineringar før du blir godkjend som eigarinseminør.
Alder ved første kalving og kalvingsintervall hos nokre rasar (2023)
Alder ved første kalving og kalvingsintervall hos nokre rasar
Rase
Alder ved første kalving, månader
Kalvingsintervall, månader
Aberdeen angus
25,0
12,5
Blonde d'Aquitane
28,7
12,7
Charolais
26,1
12,5
Dexter
24,9
12,5
Dølafe
24,7
12,7
Hereford
25,5
12,5
Highland cattle
31,7
13,2
Holstein
32,1
12,6
Jersey
28,2
13,2
Kjøttsimmental
25,7
12,5
Limousin
28,0
12,8
NRF
27,6
13,3
Sidete trønder- og nordlandsfe
25,0
13,2
Telemarksfe
27,1
14,4
(Kjelde: Animalia, Statistikk fra Storfekjøttkontrollen)