Kva kjenneteiknar berekraftige forretningsmodellar?
Oppgåve
Jobb i grupper og ta utgangspunkt i filmen nedanfor (lengde 06:06) i arbeidet med oppgåvene.
Ver merksam på at dei i filmen omtalar det som vi vanlegvis kallar ein forretningsmodell, for ein forretningsplan. Ein forretningsmodell og ein forretningsplan utfyller kvarandre, men det er vanleg å lage ei skisse til forretningsmodell før vi skriv ein detaljert forretningsplan.
Del 1
Skriv ned tips og informasjon som blir gitt i filmen om arbeid med forretningsmodell, og skriv ned kva som kjenneteiknar ein god forretningsmodell.
Del 2
Kva er ein visjon?
I filmen blir betydninga av ein visjon framheva. Kvifor er det viktig å ha ein visjon?
Kva er ein forretningsidé?
Kva for nokon spørsmål skal forretningsidéen svare på?
Del 3
Business Model Canvas er eit verktøy for å utvikle ein forretningsmodell. Bruk eigne ord til å gjere greie for Canvas-modellen.
Del 4
Ta utgangspunkt i informasjonen frå filmen, og utforsk nettsidene til Looping, Packoorang og Optimera. Lenker finn du i den ekspanderande boksen.
Kva kjenneteiknar forretningsmodellen til dei tre bedriftene? Beskriv og gi døme.
Korleis kjem det fram at dei legg vekt på berekraft?
Skriv ned forslag til ei formulering av visjon for Looping, Packoorang og Optimera.
Skriv ned forslag til formuleringar av forretningsidé for Looping, Packoorang og Optimera.
Del 5
Kva kjenneteiknar berekraftige forretningsmodellar? Bruk gjerne informasjon om Looping, Packoorang og Optimera, og gi konkrete døme.
Del 6
I filmen blir betydninga av å tore å "pitche" forretningsidéen framheva.
Lag ein pitch for anten Looping, Packoorang eller Optimera.
Framfør pitchen for ei anna gruppe eller i klassen.
Du finn tips til å lage ein pitch i artikkelen "Pitch og NABC-metoden".
Del 7
Skriv ti tips for å lage ein god forretningsmodell i eit berekraftsperspektiv. Ta utgangspunkt i følgande ressursar:
Notat frå del 1
Filmen nedanfor Forretningsmodell (lengde 01:59), som forklarer korleis Business Model Canvas kan bidra til å skape struktur og oversikt i arbeidet med å utvikle ein forretningsmodell