Utforsk trendar i handelsnæringa

Oppgåve – i klassa og i grupper
Del 1: Førebuingar (i klassa)
- Jobb saman i klassa for å få ei oversikt over butikkar og handlesenter der de bur. Del inn butikkane etter kva bransje dei tilhøyrer.
- Del klassa inn i små grupper på 2–3 elevar, og fordel bransjane mellom gruppene.
Del 2: Lag ei marknadsundersøking (i klassa og i grupper)
- No skal de gjennomføre ei marknadsundersøking i dei ulike bransjane.
- Bestem dykk for kva type undersøking de vil gjennomføre. De kan bruke fleire typar dersom de meiner at det er føremålstenleg, kanskje både ei generell spørjeundersøking og eit intervju?
Start med å lage ei undersøking i fellesskap i klassa. Formuler spørsmåla saman. Deretter justerer kvar gruppe spørsmåla slik at dei passar til den aktuelle bransjen.
Bestem dykk for korleis de vil kontakte butikkane, til dømes om de vil besøkje dei personleg, sende dei e-post, ringje dei eller kontakte dei via sosiale medium.
Del 3: Gjennomføring og analyse (i grupper)
- Kontakt butikkane på førehand, og lag avtalar for å gjennomføre undersøkinga.
- Gjennomfør undersøkinga.
- Analyser funna i bransjen "dykkar".
- Lag ein presentasjon av funna dykkar.
Del 4: Presentasjon (i klassa)
- Kvar gruppe viser presentasjonen sin for resten av klassa.
- Noter viktige funn på tavla.
- Diskuter likskapar og ulikskapar mellom bransjane.
- Lag ein samla presentasjon av funna som er felles for heile handelsnæringa der de bur, og send ho gjerne til næringssjefen i kommunen. Dette kan vere viktig informasjon kommunen kan bruke i arbeidet med næringsutvikling.
Oppgåve 2 – Det nye butikkonseptet ditt
Du drøymer om å starte din eigen butikk. Vis korleis trendane påverkar butikken din, ved å lage ei skisse for konseptet ditt.

Del 1 – individuelt
Utstyr: plakatar, lim, saks, tusjar
- Bestem sjølv kva slags butikk du vil starte.
Vel ein av trendane nedanfor som utgangspunkt for butikken din.
Illustrer konseptet ditt på ein plakat, med tekst og bilete.
Bruk internett til å søkje etter idear som kan gi deg inspirasjon. Skriv ut bilete som kan illustrere butikkonseptet ditt.
Heng den ferdige plakaten på veggen i klasserommet, slik at de kan sjå på kvarandre sine konsept.

Del 2 – i klassen
Utstyr: penn og papir
- Sjå på kvarandre sine plakatar og konsept.
- Noter ned spørsmål du måtte ha om konsepta til dei andre. Skriv òg ned kva for nokre av dei andre sine idear du liker best.
- Gå gjennom alle spørsmåla i plenum. Gi kvarandre tilbakemeldingar, og gi ros for gode idear.
- Gjer gjerne endringar på din eigen plakat etter innspel frå dei andre i klassa.
Oppgåve 3 - Moderniser ein lokal butikk!
Er det nokon butikkar i nærområdet som du synest er litt utdaterte? Sjå om du kan gi dei nokre forslag til korleis dei kan modernisere butikken sin.

Mange butikkar heng ikkje heilt med på dei nyaste trendane i handelsnæringa. I denne oppgåva skal du undersøkje butikkane på heimstaden din, og kome med forslag til korleis dei kan oppdatere seg.
Utstyr: penn, papir og mobiltelefon
- Gå saman to og to. Ta med dykk penn, papir og ein mobiltelefon, og gå ein runde for å sjå på dei ulike butikkane i nærmiljøet.
- Vel ut ein butikk de synest kan trenge litt hjelp til å bli meir oppdatert på trendane.
- Presenter dykk høfleg og fortel om skuleoppgåva de jobbar med. Spør fint om det er greitt at de noterer kva som kjenneteiknar butikken, og kven målgruppa er, og be om lov til å ta bilete til oppgåva.
- Når de kjem tilbake til skulen, så sit saman og gå gjennom informasjonen de fann.
Undersøk på nettet om butikken har
- ei nettside
- sider i sosiale medium
- ein nettbutikk
- Undersøk korleis andre, liknande butikkar presenterer seg på nettet, og bruk dette til inspirasjon.
- Diskuter kva endringar butikken kan gjere, både fysisk og på nettet, for å oppdatere seg på trendane og målgruppa.
- Lag ein "før og etter"-presentasjon av butikken med bilete og tekst, og presenter endringsforslaga dykkar for klassa. Vel verktøy sjølve.
- Få tilbakemeldingar, og juster eventuelt forslaga dykkar basert på tilbakemeldingane.
- Undersøk om butikken vil ha eit møte med dykk der de presenterer forslaga dykkar. I filmen nedanfor (lengde 02:36) kan de få gode tips til kva de bør tenkje på når de skal halde ein presentasjon.