Pitch og NABC-metoden
Film: Pitch
Forfattar og journalist Ingeborg Vollan forklarer kva ein god pitch er i filmen under (lengde 01:19).
Sjølv om du sikkert har mange argument og mykje du vil seie om idéen, skal ein pitch berre innehalde det viktigaste du treng for å forklare og "selje" idéen. Spar på detaljane og del dei heller viss kunden spør.
Ein idé bør kunne forklarast på mellom fire og åtte minutt til nokon som ikkje kjenner til han frå før. Det heiter at presentasjonen bør tole "heistesten". Det vil seie at det skal vere mogleg å presentere konseptet ditt om du skulle treffe på nokon du ønsker å selje inn idéen din til, i heisen.
Vi snakkar rett nok om heisturar i skyskraparar, men poenget er at du må vere rask, presis og overtydande.
Pitch og NABC-metoden
Du kan gjerne bruke retningslinjene frå NABC-metoden som utgangspunkt for ein pitch:
- 5 % av tida, 24 sekund: Få lyttarane si merksemd.
20 % av tida, 1 minutt og 36 sekund:
Need
. Beskriv behovet idéen din dekker, og for kven.
50 % av tida, 4 minutt:
Approach
. Beskriv forslaget ditt og kvifor det er relevant og unikt.
10 % av tida, 48 sekund:
Benefit
. Kva fordelar vil komme ut av konseptet ditt?
10 % av tida, 48 sekund:
Competition
. Korleis er prosjektet ditt annleis enn liknande prosjekt? Kva for risikofaktorar følger med prosjektet, og korleis kan dei løysast?
- 5 % av tida, 24 sekund: Oppsummering av poenga dine.
Det kan vere ein fordel å bruke visuelle hjelpemiddel, gjerne bilete eller moodboards, men helst ikkje fleire enn fem sider. Det gjeld anten du har med deg ein digital presentasjon eller om du viser fram plansjar.
Før du presenterer idéen for ein kunde, bør du øve på å pitche han til andre. På den måten kan du få tilbakemeldingar som kan hjelpe deg med å betre presentasjonen din til det verkeleg gjeld.