Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Roller i bedrift og styre

For at den daglege drifta skal gå rundt i ei ungdomsbedrift, må ulike roller fyllast. I tillegg til å vere tilsett er det òg vanleg vere andelseigar og medlem i styret i bedrifta. Dette kan organiserast på fleire måtar, avhengig av storleik på bedrifta og kva de skal produsere eller tilby.

Startkapital

Når ein går saman og startar ei ungdomsbedrift, trengst det ofte startkapital for å komme i gang. Mange ungdomsbedrifter skaffar seg startkapital ved å selje andelsbrev.

Andelsbrev

Eit andelsbrev er eit bevis på at du eig ein del (ein andel) av bedrifta. Alle i bedrifta bør eige minst ein andel kvar. Ifølge Ungt Entreprenørskap gjeld det følgande for ungdomsbedrifter:

  • Dei kan selje andelar for maks 15 000 kr.

  • Ein andel kostar 100 kr.

  • Éin person kan eige maks tre andelar.

  • Dei må føre oversikt over kven dei har selt andelar til.

  • Det er ikkje tillate å drive handel med andelane.

Andre måtar å skaffe startkapital på

Dersom de ikkje får selt nok andelar, kan det vere nødvendig å skaffe startkapital på andre måtar. Eit populært alternativ er å selje vaflar og kaker på skulen – det fell ofte i smak hos både medelevar og tilsette. Viss du er naturbrukselev, kan du ha tilgang til mjølk og egg frå skulen, som du kanskje kan kjøpe til ein rimeleg pris eller få gratis.

Andre innteningsmåtar kan inkludere både små og større tenester mot betaling, avhengig av kor mykje startkapital de treng. Dersom de må kjøpe inn utstyr og råvarer for å starte ein produksjon, kan det vere nødvendig å finne fleire inntektskjelder.

Styret i bedrifta

Oppretting av styre

Før de går i gang med å fordele arbeidsoppgåver eller gjennomfører ein tilsetjingsprosess i bedrifta, må de få på plass eit styre. De må velje ein styreleiar, mens dei andre blir valde til styremedlemmer.

Oppgåvene til styret

Det er styret som tilset den som skal vere dagleg leiar i bedrifta. Styreleiar og dagleg leiar bør ikkje vere same person. I tillegg er det styret som tek alle viktige avgjerder, bestemmer vedtekter og framdriftsplan og dessutan følger med på økonomien i bedrifta.

Gjennomføring av styremøte

Gjennom skuleåret bør de halde styremøte jamleg. Til kvart styremøte vel de ein ordstyrar og ein referent, og de må skrive referat. Det er vanleg at styreleiar opnar møtet og ønsker velkommen, men kven som helst i styret kan bli vald som ordstyrar. Det kan vere ein god idé å rullere litt på oppgåvene, sånn at alle får prøvd seg på dei ulike rollene. I forkant av kvart styremøte bør styreleiar sende ut ei innkalling med sakliste til medlemmene i styret og til lærar og mentor. Dette bør formelt bli gjort ei veke i førevegen. Lærer og mentor har ikkje stemmerett på møta.

Diskuter

Kvifor trur de styreleiar og dagleg leiar i ei bedrift bør vere to ulike personar?

Tilsette i bedrifta

Dagleg leiar

Ei ungdomsbedrift bør bestå av minimum to personar. Ein bør ha rolla som dagleg leiar. Dagleg leiar er den som ofte er ansiktet til bedrifta utetter og som sørger for at den daglege drifta blir gjennomført. Til dette krevst det ofte ein person som er strukturert, har god oversikt og ser framover.

Økonomiansvarleg

Det vil òg vere behov for nokon som har ansvar for økonomien i ungdomsbedrifta. Økonomiansvarleg har mellom anna ansvar for å setje opp budsjett, føre rekneskap og halde oversikt over selde andelar. Økonomiansvarleg er òg den som kan opne bankkonto på vegner av bedrifta og sørge for at fakturaer blir betalte.

Andre roller

Andre roller avheng av forretningsidéen de har, og kor mange de er i bedrifta. Er de få, må kanskje nokon ta på seg fleire roller for å få det til å gå rundt. Skal de til dømes produsere noko, kan det vere nødvendig med ein produksjonsansvarleg. Ønsker du derimot ikkje å ha ei framståande rolle med mykje ansvar, trengst det kanskje produksjonsmedarbeidarar? For å få potensielle kundar til å kjøpe produktet dykkar, trengst ein marknadsansvarleg. Og for å vise korleis ungdomsbedrifta jobbar med berekraft og FNs berekraftsmål, kan det vere fint med ein eigen berekraftsansvarleg. Her er det berre å skreddarsy oppgåver etter behov. Det er viktig at alle i bedrifta har minst ei rolle.

Oppgåve

Gå inn på nettsida til Ungt Entreprenørskap og sjå nærare på dei ulike stillingsbeskrivingane som ligg der.

Kva stillingar er aktuelle for bedrifta dykkar?

Mangfald i bedrifta

"Like barn leiker best" er det eit ordtak som heiter. Men stemmer dette alltid? I ei bedrift er det ofte ulike rollar som skal fyllast, og til det trengst personar med ulike eigenskapar som utfyller kvarandre.

Film: Hvem skal jeg bygge bedrift med? (1:38)

Sjå filmen og diskuter kvifor vi ofte har bruk for personar med ulike eigenskapar når vi skal starte opp ei ny bedrift.

Video: Innovasjon Norge / CC BY-NC-SA 4.0

Tilsetjingar i ungdomsbedrifta

No som de har bestemt dykk for kva stillingar de treng i bedrifta, kan de gå til neste trinn, som dreier seg om å lage stillingsannonsar, skrive søknader til stillingar, gjennomføre jobbintervju og til slutt tilsetje medarbeidarar.

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Jonsen.
Sist oppdatert 14.08.2025