Søknad på stilling og tilsetjing i ungdomsbedrifta

Tilsetjingsprosessen
Det er fleire måtar å legge opp ein tilsetjingsprosess på. Før stillingar kan lysast ut, bør dagleg leiar vere på plass. Då kan dagleg leiar saman med lærar vere dei som tilset dei andre elevane i bedrifta. Det er styret (eventuelt med hjelp av lærer) som tilset dagleg leiar. Viss det er fleire enn éin kandidat til leiarstillinga, bør de legge opp til ein søknadsprosess på det. Stillingsannonsen kan til dømes styret lage i fellesskap.
Diskuter
Kva eigenskapar meiner de ein dagleg leiar i ei bedrift bør ha?
Kva med arbeidstakarane? Kva eigenskapar tenker de at ein dagleg leiar ser etter hos ein arbeidstakar?
Kva må til for å få eit godt arbeidsmiljø for alle?
Stillingsannonsen
Generelt bør ein stillingsannonse innehalde følgande punkt:
tittel på stillinga
informasjon om bedrifta
arbeidsoppgåver og ansvarsområde for denne stillinga
ønskt kompetanse og eigenskapar hos personen som skal tilsetjast
kontaktinformasjon (namn og telefonnummer) til dagleg leiar i bedrifta
søknadsfrist
Stillingsannonsane kan formast ut av dagleg leiar og lærar.
Søknad
Når dagleg leiar er på plass, kan dei andre som ønsker å vere med i bedrifta, søke på dei stillingane som blir lyste ut.
Ein søknad bør innehalde det følgande:
avsendar, dato, mottakar
overskrift ("Søknad på stilling som ...")
kort innleiing om korleis du fekk vite om stillinga
hovuddel der du beskriv motivasjonen for å søke, personlege eigenskapar, erfaringar, utdanning og praksis som er relevant for stillinga
kort avslutning og signatur
Du kan òg gjerne legge ved ein CV. Ein CV er ei kortfatta oversikt over kva du kan, og kva du har gjort så langt i livet ditt.
Intervju
Intervjua for resten av stillingane i bedrifta blir gjennomførte av dagleg leiar i samarbeid med læraren. Saman vel dei òg kven som får stillingane.
Dagleg leiar og lærar kan utarbeide relevante intervjuspørsmål, anten på eiga hand eller saman med klassen eller bedrifta.
Diskuter
Kvifor kan det vere nyttig å ha med læraren på jobbintervjuet?
Tilsetjing og arbeidskontrakt
Det er dagleg leiar som tilset medarbeidarar til dei ulike stillingane som var lyste ut. Når medarbeidaren har takka ja, er det tid for å signere arbeidskontrakt. Ein arbeidskontrakt eller arbeidsavtale er ein avtale mellom arbeidsgivar og tilsett. Han bør innehalde informasjon om
arbeidsoppgåver og ansvarsområde
varigheita til stillinga
eventuell utbetaling av lønn
Relatert innhald
Forklaring på korleis du kan skrive eit søknadsbrev.
Gode råd for korleis du kan setje opp eit søknadsbrev.