Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Skriv avslutninga til ein fagartikkel

Har du høyrt om "å bite seg sjølv i halen"? Det er ei god gammal oppskrift du bør ha i bakhovudet når du skriv avslutningar.

Tips

Når du er ferdig med både innleiing og hovuddel, er det berre “sjarmøretappen” som står att: Avslutninga. Skriv alltid eit eige avsnitt som skal fungere som avslutning.

Eit godt tips før du skriv avslutninga, er å skrive ho like etter du har skrive innleiinga. Då kan du nemleg få til det som kallast "slangen bit seg sjølv i halen" – eller sirkelkomposisjon.

Del 1: Diskuter i par eller grupper

  1. Kva synest de bør vere med i ei avslutning?

  2. Kva for triks kan de bruke for å få til ei god og interessant avslutning?

  3. Er det lov å komme med eiga mening?

Råd og tips

Du kan skrive ei oppsummering eller ein konklusjon der du tar opp igjen problemstillinga og dei svara du er komen fram til i hovuddelen. Kanskje kan du trekkje fram eitt av momenta dine som det viktigaste?

  • Du kan antyde eit framtidsperspektiv.

  • Du kan kome med eigne meiningar.

  • Du kan finne eit relevant sitat som skaper refleksjon hos lesaren din og som hjelper deg å “lukke” teksten.

Til dømes kan dikta “Hvem sa at dagene skulle være gratis” av Kolbein Falkeid eller “Det haster” av Andre Bjerke gi interessante innfallsvinklar til temaet ungdom og press.

Bruk dei første setningane til å gripe fatt i noko frå innleiinga. Slik skaper du ein sirkelkomposisjon.

Det er lov å kome med eigne meininger i fagartiklar. Og det er nettopp i avslutninga du kan vise fram kva du meiner om saka du har drøfta. Så lenge drøftinga i hovuddelen er nyansert, skadar det ikkje om lesaren får vite kva du meiner i avslutninga.

Tre gode avslutningar

No skal du få sjå tre døme på avslutningar. Sidan sirkelkomposisjon er eit viktig prinsipp, må du òg lese innleiinga som høyrer til.

Avslutning til informativ innleiing

Innleiing

I Noreg i dag bur dei fleste i byar. Men slik har det ikkje alltid vore: På slutten av 1800-talet budde nesten to tredelar av Noregs befolkning på landet. I dag, derimot, bur åtte av ti i urbane strøk. Årsaka til denne enorme endringa er sjølvsagt at Noreg har blitt både industrialisert og urbanisert, og det er framleis slik at fleire flyttar frå bygda til byen, enn omvendt. I byen kan dei studere og treffe mange ulike folk. Likevel er det nokon som blir verande på landet, og ein god del vel òg å flytte bort igjen frå byen etter at dei har avslutta studiane sine. Men kvar er det eigentleg best å bu? I byen eller på landet?

Avslutning

Svaret på spørsmålet "kvar er det best å bu, i byen eller på landet?", har nok ingen fasit. (Grip fatt i spørsmålet i slutten av innleiinga) Sjølv om trenden i dag er at dei fleste flyttar ut av bygda, er det mange som meiner at byen har blitt både for dyr og for forureina. (Omtaler moment frå argumentasjonen i hovuddelen) Likevel meiner eg at moglegheita til å finne interessante jobbar og til å kunne dyrke mange ulike fritidsinteresser er argument som er så viktige at eg trur urbaniseringa vil halde fram. (Eiga meining) Men kven veit? Kanskje vil generasjonen min ta heilt nye val om ti–tjue år? Vil forureiningsproblemet føre til ruralisering i staden for urbanisering?(Framtidsperspektiv)

Avslutning til innleiing med provoserande spørsmål

Innleiing

Vakre blomstrar og frisk luft, eller eksos og støy? Einsformige dagar med traktorkøyring som einaste fritidstilbod, eller eit hav av spennande valmoglegheiter og menneske? Dette er nokre gjengse stereotypiar om bygda og byen. På bygda er det rett nok vakker natur og frisk luft, men elles ganske kjedeleg. I byen får du astma og øyresus, men kan elles gjere akkurat som du vil. Men verkelegheita er kanskje litt meir samansett enn dette. Kva for reelle fordelar og ulemper har bygde- og bylivet?

Avslutning

Konklusjonen må nok bli at bylivet ikkje berre er eksos og støy, like lite som livet på bygda berre handlar om å køyre traktor. (Viser tilbake til poeng i innleiinga) Eg har budd både i byen og på bygda, og eg vil seie som Ivar Aasen: "Millom Bakkar og Berg ut med Havet / heve Nordmannen fenge sin Heim". (Siterer dikt for å få fram eiga meining) Sjølv om bylivet byr på tallause moglegheiter, er det spesielt nærleiken til naturen som er ein uslåeleg fordel med å bu på bygda. (Grunngir eige syn med eitt av argumenta frå hovuddelen) Men byen er fin, han òg – å komme på besøk til, då. (Avsluttande setning med snert)

Avslutning til sitat-innleiinga

Innleiing

"Kvifor må eg stadig forklare og forsvare kvifor vi flytta frå byen? Kva er det som gjer dette valet meir vågalt enn å bli buande i byen, eller midt imellom?" Dette spørsmålet stiller Inga Gudrun Hyrve i magasinet Harvest. Ho har tatt eit val som går på tvers av det folk flest gjer i dag: Ho har flytta frå byen til landet. Statistikken viser nemleg at det motsette er tendensen: Dei fleste flyttar bort frå bygda. Men er det verkeleg best å bu i byar og tettstader, eller lever ein det gode livet helst på landet?

Avslutning

Alt i alt kan vi seie at ein nok kan finne det gode livet både i byen og på landet. (Oppsummering) Men kanskje er det ikkje så rart at den som vel å flytte langt bort frå byen, heile tida må forklare seg. (Viser tilbake til innleiinga) Rett nok bidreg vakker natur til god livskvalitet, og av og til kan det vere ein fordel at alle kjenner alle, men fleirtalet har nok rett. Folk flyttar til byane fordi dei vil ha litt meir enn dette. Jobb- og fritidstilboda i byen er fleire og betre. (Omtaler moment frå argumentasjonen i hovuddelen) Byen har rett og slett meir å tilby, og eg er derfor ganske sikker på at også eg kjem til å bu i storbyen i framtida. (Personleg meining)

Del 2: Skriv avslutninga

Bli inspirert av døma over og skriv ei avslutning til ein fagartikkel om ungdom og press. Hugs å bruke dei første setningane til å gripe fatt i innleiinga du har skrive.

Kjelde

Hyrve, I.G. (13.03.2014). "Å velge landet framfor byen" i nettmagasinet Harvest. Henta frå https://www.harvestmagazine.no/artikkel/hvor-skal-vi-bo-i-byen-eller-pa-landet

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.10.2025