Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Samanlikn dikta!

I denne oppgåva skal du samanlikne dikta "Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas og "Hvilket rom har bare plass til én?" av Gro Dahle.

Tekstane

Del 1: Forstå dikta enkeltvis

Ein god teknikk når du skal samanlikne dikt, er å først konsentrere deg om det eine diktet og gjere deg opp ei meining om kva det handlar om. Prøv deretter å gløyme dette diktet litt og berre fordjupe deg i det andre diktet. Sjølve samanlikninga konsentrerer du deg om i ein tredje fase.

  1. Først skal du jobbe heilt aleine. Ikkje snakk med andre i klassen: Les dikta "Ord over grind" tre–fire gonger. Skriv ned ei setning som skal samanfatte kva som er tema i diktet: Tema i diktet er ....
  2. Gjer det same med det andre diktet.
  3. Samanlikn med to–tre andre i klassen. Har de skrive det same, eller har de heilt ulike meiningar? Forklar dei andre kvifor de tolka diktet som de gjorde.

Del 2: Kvifor akkurat desse to?

Kvifor er det akkurat desse to dikta som er sette saman? Kva skal eg sjå etter? Det er gode spørsmål å stille seg når du skal samanlikne dikt.

Jobb aleine og skriv ned svar på dette:

  1. Har desse dikta nokon tematiske likskapar?
  2. Er det nokon viktige forskjellar mellom dikta?
  3. Samanlikn svara dykkar med andre i klassen.

Del 3: Nærles dikta

Neste steg er å forstå korleis forfattarane har skrive dikta sine for å formidle tema. Om du har arket framfor deg på papir, må du ha ein penn eller blyant i handa. Viss du ser på skjerm, bør du lime diktet inn i eit dokument der du kan skrive inn kommentarar:

  1. Les først "Ord over grind". Marker alle verkemiddel du synest får fram temaet. Skriv fagomgrepet i margen på arket.
  2. Gjer det same med "Hvilket rom har bare plass til én?".
  3. Oppsummer på tavla: Skriv alle fagomgrepa de i klassen vil bruke om dikta og vis kor i teksten de har funne verkemidla.

Litt hjelp på vegen?

  • Halldis Moren Vesaas bruker grinda som bilete på grensa mellom eg-personen og den andre. Også Gro Dahle bruker eit liknande bilete. Finn det.
  • Biletbruken i dei to dikta er elles ganske ulik. Kva for eit av dikta inneheld mange ulike bilete? Og kva for eit dikt byggjer i all hovudsak på eitt grunnleggande bilete?
  • Tonen og stemninga i dikta er ulik. Kva for ein eg-person verkar mest nøgd med situasjonen sin?
  • Forholdet mellom "eg" og "du" er ulik i dei to dikta. Forklar.
  • Tekstane har svært ulik ytre form. Gjer reie for forskjellane.
  • Passar den ytre forma diktarane har valt, til innhaldet og stemninga dei vil formidle?

Del 4: Diskuter dikta

Kva vil eigentleg desse dikta seie dykk? Går det an å vere ueinig eller einig med det lyriske eg-et i dikta? Skriv ned eigne argument eller røynsler og diskuter med resten av klassen. Bruk gjerne sitat frå dikta i diskusjonen.

Skrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist oppdatert 04.12.2025