Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Rimmønster

Rimmønsteret i eit dikt finn vi ved å sjå på enderima.

Ulike typar rimmønster

Dei fire vanlegaste rimmønstera er parrim, kryssrim, omsluttande rim og balladerim.

Bokstavsymbol og rimmønster

For å forklare rimmønster bruker vi bokstavsymbol. Det første rimordet i slutten av ei verselinje gir vi symbolet a. Om siste ordet i neste verselinje rimar på det første, blir det altså mønsteret aa.

Eks:

Eg elskar deg (a)
og du elskar meg. (a)

Men om neste verselinje sluttar med eit ord som rimar på eit anna ord seinare i strofen, gir vi ho symbolet b.

Eks:

Eg elskar deg (a)
Her vil eg ikkje bu (b)
Du elskar ikkje meg (a)
di eiga fru (b)

Om ei verselinje sluttar på eit ord som ikkje rimar med andre ord i strofa, gir vi ho symbolet 0.

Eks:

Eg elskar deg (a)
Eg skal reise (0)
Du elskar ikkje meg (a)

Parrim

Parrim kallar vi det når enderima på slutten av verselinja er plasserte etter kvarandre i forma aabb. Dette gjer til dømes Arnulf Øverland i det kjende kampdiktet "Du må ikke sove" (1937):

Vi vet ikke selv, hvad vi ligger og venter, (a)
og hvem der kan bli den neste, de henter. (a)
Vi stønner, vi skriker - men kan dere høre? (b)
Kan dere absolutt ingenting gjøre? (b)

(Øverland, 1937, s. 67)

Kryssrim

Kryssrim er når enderima kjem i annakvar verselinje: abab. Øverland bruker òg dette rimmønsteret:

Jeg våknet en natt av en underlig drøm, (a)
det var som en stemme talte til mig, (b)
fjern som en underjordisk strøm - (a)
og jeg reiste mig op: Hvad er det du vil mig? (b)

(Øverland, 1937, s. 66)

Omsluttande rim

Når første og fjerde linje rimar på kvarandre, og andre og tredje rimar (abba), kallar vi det omsluttande rim. Øverland skriv:

Hele kjelleren her er full, (a)
og alle kaserner har kjeller ved kjeller. (b)
Vi ligger og venter i stenkolde celler, (b)
vi ligger og råtner i mørke hull! (a)

(Øverland, 1937, s. 67)

Balladerim

Rimmønsteret 0a0a er balladerim. Det betyr at berre andre og fjerde linje rimar. I diktet "Einsamflyger" (1957) bruker Halldis Moren Vesaas balladerim:

Barn, ikkje le av den fuglen (0)
som flaksar så hjelpelaust av stad. (a)
Vinden har skilt han frå dei andre (0)
som flyg over havet i ei jamn, tett rad. (a)

(Vesaas, 1957, s. 123)

Kjelder

Vesaas. H.M. (1957). Utvalde dikt. Oslo. Achehoug & Co.

Øverland A. (1937). Den røde front. Oslo. Tiden.

Relatert innhald

Finn og lag rim

Ei oppgåve der du både skal finne rim, rimmønster og lage eigne rim.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 04.12.2025