Oppgåve
Lag dikt om til ein teikneserie
Sei at du stappar mora di oppi ein koffert. Kva får du då? Jo, ein artig idé til ein teikneserie.

Del 1: Teikn diktet
- Les diktet "Si at du stapper moren din oppi en koffert. Hva får du da?"
- Lag ein teikneserie på 6–10 ruter av diktet. Det viktigaste her er ikkje å teikne fint, men å få fram kva du meiner diktet handlar om.
- Gå rundt i klasserommet og sjå på teikneseriane til dei andre i klassen. Diskuter på same tid korleis de vil tolke dette diktet.
- Gå saman i par eller grupper. Bestem dykk for kven sin teikneserie de synest er den beste. Lag ein video der de les opp diktet og viser bileta på same tid.
Del 2: Diskuter diktet
Sit i grupper på fire. De må ha noko å skrive med og på.
- Ein på gruppa les diktet høgt for resten. Etterpå skal kvar og ein av dykk, utan å snakke med dei andre, fullføre setninga "Eg meiner dette diktet handlar om ...". Les høgt for kvarandre. Har de likt førsteinntrykk?
- La ein annan på gruppa lese diktet høgt for andre gong. Fullfør setninga "Diktet viser at ei mor er ...". Samanlikn svara dykkar igjen.
- La ein tredje lese diktet høgt. Fullfør setninga "Temaet i diktet er ...". Samanlikn og diskuter svara dykkar.
- No skal sistemann lese diktet. Fullfør setninga "Det viktigaste verkemiddelet i diktet er ...". Samanlikn svara dykkar og vis til sitat frå teksten for å grunngi.
Del 3: Samanlikn
Samanlikn framstillinga av morsrolla i dette diktet med diktet "Hvem er det som ingen ser?"
Relatert innhald
Hvem er det som ingen ser?
Dikt av Gro Dahle
Si at du stapper moren din opp i en koffert
Dikt av Gro Dahle