Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

"Čurves Munnje" i kontekst

Når vi skal analysere ein tekst, kan kunnskap om konteksten, altså samanhengen teksten er skriven i, gi oss hjelp til å avdekke ulike lag med meining i teksten.

Del 1: Sjå filmen

I NRK-klippet (lengde 3:31) framfører ISÁK med Ella Marie Hætta Isaksen "Čurves Munnje". Opptaket er frå ein konsert på Ingensteds i Oslo i 2018.

NRK: Isák – "Čurves Munnje"

Del 2: Les om kontekst

Du skal no lese to kjelder som fortel noko om konteksten "Čurves Munnje" er skriven i. Deretter skal du jobbe med nokre spørsmål til kjeldene og til songteksten.

Kjelde 1

Under YouTube-videoen med eit live-opptak av "Čurves Munnje" har bandet skrive dette:

ISÁK’s debut single "Čurves Munnje" ("Call out to me") shows a dynamic and exciting band. Ella Marie first wrote this song at 16, after moving from her home in Tana. It is a song about missing her Sámi home, and the fear of losing her native tongue. It is her encouraging us to take care of our precious Sámi language. (ISÁK, 2017)

Kjelde 2

I eit intervju med NRK Sápmi fortel vokalist Ella Marie Hætta Isaksen mellom anna om kva som inspirerer henne som låtskrivar:

NRK: Setter punktum for mobbingen og utfrysingen med ny singel

Spørsmål

  1. Kva for informasjon gir desse to kjeldene om gruppa ISÁK, vokalist Ella Marie og songen "Čurves Munnje"?

  2. Korleis tolkar du desse linjene i songteksten ut frå det du no veit om bandet og om Ella Marie? Forklar med eigne ord.

    • "Jeg er bortført, jeg er på villspor"
    • "Er jeg forsvunnet?"
    • "Jeg finner ikke veien hjem / fordi du har glemt meg"
    • "Unnskyld for at jeg lot deg gå"
  3. Kven er duet og eget? Kan det vere fleire svar her?
  4. Prøv å setje ord på temaet i teksten. Bruk eitt eller nokre få substantiv.
  5. Kva seier denne teksten om korleis det kan opplevast å ha ein samisk eller minoritetsspråkleg identitet i Noreg?

Del 3: Les teksten på nytt

Les teksten ein gong til og skriv deretter ned fem setningar om kva du no har forstått om han.

Čurves Munnje / Rop til meg!

Jeg er bortført, jeg er på villspor
Jeg finner ikke tilbake dit jeg hører til
Jeg finner ikke veien hjem
fordi du har glemt meg

Rop til meg så jeg lettere
kan følge sporene tilbake
Rop til meg og ta meg
hjem til deg

Jeg har ventet lenge nå
jeg er på leit
Jeg finner ingen trøst lenger
Er jeg forsvunnet?
Jeg finner ikke veien hjem
fordi du har glemt meg

Heioleilo unnskyld for at jeg lot deg gå

Tekst: Ella Marie Hætta Isaksen / Avgrensa gjenbruk

Kjelde

ISÁK. (2017, 4. juni). ISÁK - Čurves Munnje live video [Video]. YouTube. https://www.youtube.com/watch?v=gmoMxwNJ_So

Relatert innhald

Tekst og identitet

Korleis kan identiteten din bli utvikla og støtta ved at du opplever og sjølv skaper tekstar?

Skrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist oppdatert 02.10.2025