Øvelse
Personifikasjon
Setningane under er henta frå ulike avistekstar. Dei inneheld alle døme på personifikasjon. Finn dei.
- Dei sa det var trygt her. Tanken på skred har aldri slått oss.
- Søvnløyse råkar dei fleste av og til, men som oftast berre som eit forbigåande problem.
- Koleraen knegar Zimbabwe.
Ta utgangspunkt i fotografiet ovanfor og lag ei setning som inneheld ein personifikasjon.
Les det korte utdraget frå Kahlil Gibrans bok Profeten nedenfor.
- Kva for abstrakte omgrep er personifiserte her?
- Forklar med eigne ord kva Gibran meiner om glede og sorg.
- Kva oppnår forfattaren ved å bruke nettopp denne uttrykksmåten i staden for ei sakleg og nøktern forklaring?
Profetens syn på glede og sorg
Nokre av dykk seier: "Gleda er større enn sorga", og andre seier: "Nei, sorga er størst." Men eg seier dykk at dei følgjer i fotefara til kvarandre. Saman kjem dei, og når den eine sit med deg ved bordet, skal du hugse at den andre søv i senga di.