Jobb med besjelingar

Del 1: Finn besjelingane
Setningane nedanfor er henta frå tre ulike reportasjar. Forklar korleis tekstforfattarane har brukt besjeling som verkemiddel her. Kva er det som får menneskeliknande trekk, og kva for trekk blir framheva?
- Islandshestar tølter. Å tølte vil seie "å pilte i passgang" i staden for å hoppe opp og ned som i trav. Hestane skjønner dessverre ikkje norsk og er sære på korleis tølteordrar skal givast. Men om vi sit djupt i salen, lett bakoverlent med korte taumar, har vi ein god sjanse, meiner Karin, den svenske jenta som skulle jobbe her éin sommar, men som mista hjartet til sagaøya og hestane her.
- Lenge levde Valencia i skuggen av Barcelona og Madrid. Men no er veslebror i ferd med å bli stor.
Nissan GT-R er arvtakaren etter den famøse Skyline GT-R som har vore ein av dei aller heftigaste "folk-superbilane", og ein av heltane i kultfilmar og spel om gateracing.

Del 2: Besjeling i dikt
No skal du lese nokre strofer frå to dikt om same emne – sporvar! Diktarane er høvesvis Arnulf Øverland og Arne Garborg.
- Kven er det som får menneskelege eigenskapar i dikta?
Bruk døme frå dei to strofene som bevis.
Utdrag frå diktet "Spurven" av Arnulf Øverland (1911)
Det hopper en spurv i gården,
en grå og fornøyelig filleball.
Han skravler og spiser frokost,
han spiser i allefall.
Og når han er ferdig med frokost,
så spiser han frokost igjen.
Og finner hans kone en frokost,
så spiser han også den.
Utdrag frå diktet "Sporven" av Arne Garborg (1895)
Småsporven gjeng i tunet
og tippar korn og ribbar strå
og hev så god ein une
og ler åt katten grå.
Pip, pip, det så seg lagar
alle dagar
at Monsemann meg jagar,
men kan meg aldri få.
une: trivsel, humør
Del 3: Bruk besjelingar og personifikasjonar
Skriv ein kort tekst der du beskriv biletet under. Bruk besjelingar og personifikasjonar for å vise spenninga kvinna kjenner på når ho les boka ho har i handa. Det kan vere frasar som "Hjartet sprang løpsk" og "Mørket trua med å ..."

Relatert innhald
Les om det språklege verkemiddelet besjeling.