Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Korleis skrive avsnitt som drøftar?

Her får du ei trinn-for-trinn-innføring i korleis du kan setje opp avsnitt som drøftar.

Ei trinnvis innføring med modelltekst

Her skal du få ei innføring i korleis du kan bygge opp avsnitt i ein fagartikkel. I innføringa bruker vi ein modelltekst for å vise deg korleis du kan setje opp avsnitta. Modellteksten drøftar om vi bør forby flyreiser, og målet med det første avsnittet er å argumentere for at vi bør slutte å fly fordi fly forureinar så mykje.

Trinn 1: Temasetning

Vi skal først øve på å lage ei god temasetning til avsnittet. Ei temasetning er den første setninga i avsnittet. Ho skal signalisere for lesaren kva avsnittet skal handle om, og ho kan gjerne vere kort.

Ei god temasetning i denne modellteksten får tydeleg fram at avsnittet handlar om korleis flyreiser skadar miljøet.

Det er ingen tvil om at miljøet hadde hatt godt av eit forbod mot flyreiser.

Trinn 2: Kommentarsetningar

Nå skal vi gå vidare ved å lage kommentarsetningar. Kommentarsetningane gir lesaren meir detaljert og utfyllande informasjon. Det er grunngivingar for påstanden du kjem med i temasetninga.

Det er ingen tvil om at miljøet hadde hatt godt av eit forbod mot flyreiser. Vi flyr på ferie til Gran Canaria, til New York og til Japan. Men ikkje berre det: Dagleg gjer svært mange menneske korte flyreiser fordi dei skal ha eit møte på jobb. Kanskje sit dei ein time på flyet måndag morgon og flyr heim att same kveld. Dette er unødvendige turar som forureinar enormt.

Trinn 3: Vis til forsking

Neste steg er å vise til forsking. Teksten din blir meir truverdig når du viser til andre truverdige kjelder. Husk å oppgi kjelder både i teksten og i kjeldelista!

Under koronaepidemien flaug vi mindre, og tal frå NILU (Norsk institutt for luftforskning) viser at utsleppa frå fly hadde gått ned med 70–80 % (NILU, 2020).

Trinn 4: Avslutt avsnittet

Du kan avslutte avsnittet på ulike måtar. Til dømes kan du bruke forskinga til sjølvstendige refleksjonar. Retoriske spørsmål kan vere eit godt verkemiddel.

Desse tala viser at det å kutte drastisk i flyreiser har positive konsekvensar for miljøet. Kanskje viser tala også at vi nordmenn må tvingast meir? For sjølv om vi veit at fly forureinar, kuttar vi ikkje flyginga før ytre omstende stoppar oss.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 29.04.2026