Korleis lage gode avsnitt i fagartiklar?
Skriv hovuddelen
Når du har gjennomført både idémyldringa, utforskinga og førskrivinga til ein fagartikkel, er du klar til å skrive hovuddelen. Har du allereie gjennomført desse delane, skal du sitje igjen med seks temasetningar som skal vere førstesetninga i avsnitta i hovuddelen din.
Oppgåve
Del 1: Skriv eit avsnitt saman
No skal vi jakte etter det perfekte avsnittet. Jobb gjerne i grupper på tre. Etter å ha gått gjennom presentasjonen under og gjort oppgåvene i denne, skal de sitje igjen med eit avsnitt de kan bruke i teksten dykkar.
Oppgåva føreset at de allereie har laga temasetningar, som vist i forrige steg i læringsstien.
Slik går de fram
Vel ut temasetninga til det argumentet de meiner er det viktigaste for at ungdom har for mykje press. For hugs: Du skal alltid skrive om det viktigaste først.
Sjå gjennom presentasjonen under.
Skriv eit avsnitt saman der de følgjer tretrinns-modellen presentasjonen viser.
Del 2: Diskuter teksten
Ein av dykk les avsnittet høgt for dei andre. Diskuter om de bør gjere endringar på språk eller innhald.
Del 3: Del med medelevar
Alle gruppene viser sitt avsnitt for resten av klassen. Gi kvarandre tilbakemelding på kva som er bra, og kva som kan forbetrast i jakta på det perfekte avsnittet.
Kanskje kan de til og med kåre ein vinnar? Kven har laga det beste avsnittet? Grunngi!
Relatert innhald
Før du skriv hovuddelen, bør du gå gjennom førskrivingsfasen. Øv deg på å lage gode temasetningar og kjenne igjen krava til gode temasetningar.
Når du skriv fagartiklar, bør du bruke kjelder. Korleis gjer du det? Her finn du tips og oppgåver.