Oppgåve
Korleis lage ei god overskrift?
Kva skal barnet heite? Fullt så seriøst er det kanskje ikkje å lage overskrifter, men det å ha ein feiande flott tittel er prikken over i-en i ein fagartikkel

Overskrifta er førsteinntrykket av teksten. Bruk derfor litt tid på å finne ei god overskrift.
Funksjonen til overskrifta
Overskrifta (tittelen) til ein tekst har same oppgåve som innleiinga: Ho skal fange merksemda til lesaren og spegle innhaldet i teksten din. Ho bør heller ikkje vere for lang.
Oppgåve 1. Korleis lage gode overskrifter?
Del 1: Diskuter i grupper
- Kva kjenneteiknar ei god overskrift?
- Kva for typiske feil har ei dårleg overskrift?
Del 2: God eller dårleg overskrift?
Her er seks ulike forslag til overskrifter til fagartikkelen: "Er det best å bu i byen eller på landet?"
- By og land - hand i hand?
- Kor skal vi bu - i byen eller på landet?
- Folk eller fe?
- Byen er best!
- Forureininga øydelegg bylivet.
- Livet på landet versus livet i byen, kor er den beste staden å bu?
Diskuter med sidemannen om overskriftene er gode eller dårlege. Grunngi svaret med utgangspunkt i kriteria for ei god overskrift.
Oppgåve 2. Klassekonkurranse!
Alle tenkjer ut ei overskrift til ein tekst om ungdom og press og skriv ho inn i eit digitalt fellesdokument – eller heilt enkelt på tavla. Deretter stemmer klassen over kva forslag som er det beste.
Diskuter: Kvifor vann akkurat denne overskrifta? Klarte ho å kort gi att temaet i fagartikkelen på ein fengjande måte?