Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Kva er ein ordklasse?

Alle ord du bruker, høyrer til ein ordklasse. Ordklassen seier både noko om kva slags betyding orda har, og kva funksjon orda har i setninga.

Start med ein test

Kan de ordklassane?

Konkurrer mot kvarandre i grupper:

På norsk har vi ti ordklassar. Kven av dykk klarer å skrive ned flest riktige ordklassar?

Som eit hint får de forbokstavane i kvar ordklasse:

VSAAPPDKSI

Det riktige svaret er

  • Verb

  • Substantiv

  • Adjektiv

  • Adverb

  • Preposisjon

  • Pronomen

  • Determinativ

  • Konjunksjon

  • Subjunksjon

  • Interjeksjon

Kva er eit ord?

Kva er eigentleg eit ord? Det er ikkje så lett å forklare. Éin mogleg definisjon er at eit ord er ein språkbit som kan ha eit sjølvstendig trykk, som til dømes du, kjøpe, fortelje, dinosaur. Desse orda klassifiserer vi i ulike grupper. Orda som har noko felles, plasserer vi i same gruppa.

Sjå til dømes på desse orda

Bord, liten, hage, snill, rask, troll

Det er seks ulike ord, men du kan gruppere dei i to ulike familiar. Klarer du å gjere det, og samstundes reflektere over korleis du tenkte då du gjorde det?

Riktig løysing

"Bord", "hage" og "troll" høyrer saman. Dei høyrer til gruppa substantiv.

"Liten", "snill" og "rask" høyrer saman. Dei er adjektiv.

Kvifor seier vi at desse orda er i familie? Jo, "bord", "hage" og "troll" er til dømes alle ord vi kan setje ein, ei eller eit framfor. Dessutan er dei namn på ting eller fenomen.

"Liten", "snill" og "rask" kan vi derimot ikkje setje ein, ei eller eit framfor. Men dei har det til felles at dei beskriv ein eigenskap ved eit substantiv: Det var sanneleg ein snill mann.

Nokre ordklassar kan bøyast

Nokre av ordklassane i det norske språket kan bøyast, til dømes substantiv, adjektiv og verb. Bøying vil seie at orda har ei grunnform som får hekta på ulike endingar (suffiks på fagspråket). Vi ser på nokre døme:

Substantiva i norsk får ulike endingar som viser kjønn, tal og bestemd eller ubestemd form:

ein bil – bilen – bilar – bilane
ei lue – lua – luer – luene
eit vindauge – vindauget – vindauge – vindauga


Verba har endingar som viser om vi snakkar om notid eller fortid: køyrer – køyrde

Adjektiva får endingar i samsvar med substantivet dei beskriv. Vi bruker òg endingar for å vise ulik styrkegrad:

ei fin jente – eit fint hus
fin – finare – finast

Kva ord til kva ordklasse?

Under vil du få ein minipresentasjon om dei ulike ordklassane. Sjå gjennom denne saman med ein medelev.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Innhald i presentasjonen over

Verb

Verb er ord som fortel kva vi gjer eller kva som skjer.

Du kjenner dei igjen ved at du kan setje "å" framfor dei.

Å hoppe!

Substantiv

Substantiv blir også kalla "namnord".

Dei er namn på personar, stader, dyr, gjenstandar, kjensler og idéar.

Dei fleste kan du kjenne igjen ved at du kan setje ein, ei eller eit framfor.

Ein mann og ei dame er på eit treningsstudio.

Adjektiv

Adjektiv beskriv ein eigenskap ved nokon eller noko: raud, snill, gammal, usprøyta, glitrande, utsøkt, rotete, rosa, listig, grei.

Du kan gradbøye adjektiv.

Den høge basketballspelaren tek den lågare mannen på hovudet.

Adverb

Dei fleste adverb er småord som uttrykkjer tid, stad eller måte.

- Eg kjem straks (tid)

- Vi bur her (stad)

Mange adverb står til eit verb og beskriv korleis noko blir gjort.

- Babyen smilte søtt. (måte)

Bestemmarord

Bestemmarord er ord som står til eit substantiv og forklarer noko om dei.

Dei vanlegaste er eigedomsorda.

Det var min kunde. Ikkje din!

Pronomen

Pronomen er ord som kan erstatte substantiv i ei setning.

Dei vanlegaste er dei personlege pronomena.

Han ser på henne. Dei smiler.

Preposisjonar

Preposisjonar er ubøyelege og står framfor eit substantiv eller pronomen.

Dei seier noko om kor noko eller nokon er i stad eller tid.

Barnet sit stolen med fingeren i munnen.

Konjunksjonar

Konjunksjonar er ord som bind saman ord og setningar.

Du kan også kalle dei bindeord: og, eller, men, for, så.

Nora og venninnene skulle gjere lekser, men hamna på Netflix.

Subjunksjonar

Subjunksjonar er også bindeord. Men ordet subjunksjon bruker vi om dei småorda som innleier leddsetningar.

Desse er til dømes: fordi, om, at, som, då.

Hunden, som fekk sløyfe på, poserte villig.

Interjeksjonar

Interjeksjonar er småord som kan stå aleine som ein ytring:

- Utrop som "au!" og "fy!".

- Svarord som "ja" og "nei".

- Lydhermande ord: "Vroooom, sa det då superhelten vende tilbake."

Når de har sett gjennom presentasjonen

  • Lag eit tankekart over dei ti ulike ordklassane.
  • Lag òg ein illustrasjon til kvar ordklasse for å hugse betre. Det er til dømes lettare å hugse kva preposisjonar er viss du teiknar ein mann under eit bord enn viss du berre skriv "under".


Skrive av Ragna Marie Tørdal og Åsa Abusland.
Sist oppdatert 03.08.2026