Adjektiv og adverb

Adjektiv
Adjektiv er ord som beskriv substantiv. I setninga Du er ei flink, lita jente! er det to adjektiv som begge beskriv substantivet "jente", nemleg "flink" og "liten".
Samsvarsbøying
Dei fleste adjektiv blir bøygde i samsvar med ordet dei beskriv. Men somme adjektiv kan ikkje bøyast:
ei stor nyheit, eit stort behov, store endringar
Adjektivet "stor" kan bøyast etter kjønn og tal.ein rotete arbeidsplass, eit rotete rom, rotete notat
Adjektivet "rotete" kan ikkje bøyast etter kjønn og tal.
Gradbøying
Dei fleste adjektiv kan gradbøyast. Vi skil mellom tre gradar:
- positiv
- komparativ
- superlativ
Positiv er grunnforma: snill, moderne, liten.
Komparativ er ei sterkare grad: snillare, meir moderne, mindre.
Superlativ er den sterkaste graden: snillast, mest moderne, minst.

Adverb
Dei fleste adverb er småord som fortel noko om tid, stad eller måte. Vi deler dei inn fleire ulike grupper:
Tidsadverb
Tidsadverb gir svar på spørsmål om når noko skjer eller har skjedd:
- Ho kjem no.
- Etterpå skal vi på kino.
- Dei har nettopp gått.
Stadsadverb
Stadsadverb gir svar på spørsmål om kvar, kvar hen eller kvar frå:
- Vi bur her.
- Han skal dra herifrå i morgon.
- Kom inn!
Måtesadverb
Det finst nokre få adverb som seier noko om måte:
- Eg er redd vi må gå gjennom denne lange teksten stykkevis.
- Ikkje sjå på meg slik!
- De får ligge andføttes.

Setningsadverb
Setningsadverb er småord som til dømes ikkje, neppe, aldri, heldigvis, dessverre.
Dei kan forandre betydninga til heile setninga. Sjå til dømes på desse setningane:
Eg liker deg.
Eg liker deg ikkje.
Du må alltid rydde etter deg.
Du må aldri rydde etter deg.
Gradsadverb
Sjå til dømes korleis adverba "nok", "litt" og "høgt" beskriv verba i desse setningane:
- No har vi ete nok.
Du må vente litt.
Eg roper veldig høgt.
Spørjeadverb
Spørjeadverb innleier spørjesetningar:
- Kvar bur du?
- Når kjem han?
- Korleis har du det?

Kva er forskjellen på adjektiv og adverb?
For å unngå å blande dei to ordklassane kan du lære deg desse to reglane:
1. Adjektiv beskriv substantiv. Det kan ikkje adverb.
Hovudregelen er at adjektiv beskriv eit substantiv, mens adverb beskriv verb eller adjektiv.
Døme
- Den raske guten spring.
- Den ganske raske guten spring.
I den første setninga beskriv ordet "rask" eigenskapane til eit substantiv, nemleg "guten". Rask er eit adjektiv.
Den andre setninga er utvida med adverbet "ganske". Som du ser, beskriv "ganske" eit adjektiv, nemleg ordet "rask". Ordet ganske er eit adverb.
2. Du kan ikkje bøye adverb i kjønn og tal. Men nokre få adverb kan ha gradbøying.
Veldig mange adverb kan ikkje bøyast i det heile: no, aldri, ganske. Men enkelte adverb kan gradbøyast, til dømes
lenge – lenger – lengst
ofte – oftare – oftast
mykje – meir – mest
gjerne – heller – helst