Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kjenner du ordklassane?

Del 1: Finn rett ordklasse

Alle orda i ei setning høyrer til ein ordklasse. Klarer du å plassere orda i riktig ordklasse? Det startar ganske enkelt, men blir vanskelegare etter kvart.

Del 2: Bli ein ordklasse!

Til denne oppgåva treng de ein del ark og ein blyant/penn.

Del klassen opp i to–tre store grupper med ti personar i kvar gruppe. De er ti personar fordi det er ti ulike ordklassar på norsk. Skriv ein ordklasse på kvart ark. Hugsar du dei?

Dei ti ordklassane

substantiv, verb, adjektiv, adverb, pronomen, bestemmarord, konjunksjon, subjunksjon, interjeksjon, preposisjon.

Førebuingar

Denne oppgåva krev at de kjenner til døme på ord frå alle dei ti ordklassane. Denne førebuinga kan de gjere på to ulike måtar:

  1. Kvar elev i gruppa set seg inn i alle ti ordklassane og hugsar døme.
  2. Kvar elev set seg inn i ein eller to ordklassar.

Vi set i gang

No har de ti ark med namnet på ein ordklasse på kvar av dei. Kvar elev i gruppa skal få kvart sitt ark. Dersom de har brukt førebuingsmetode 2 over, må den eleven som er ekspert på verb, få verb-lappen, den som er ekspert på substantiv, få substantiv-lappen osb.

  1. No skal kvar elev skrive eit ord frå ordklassen på baksida av kvart ark. Skriv med store bokstavar! Still dykk så framfor resten av klassen i tilfeldig rekkefølgje. Vis fram ordet de har skrive og sei: "Kva er eg?". Klassen skal prøve å svare på kva slags ordklasse du er.
  2. Etterpå er det oppgåva til klassen å prøve å sortere dei ti i gruppa i ei rekkefølge som kan skape ei logisk setning. Dei kan til dømes seie: "Verb, flytt deg til nummer to i setninga, og substantiv, flytt deg til nummer tre". Målet er å skape ei meningsfull setning.
  3. Går det ikkje? Då må klassen finne ut av kva ordklasse eller ordklassar som må til for å lage ei setning som fungerer. Ein elev skriv ordklassen på eit ark og eit døme på ordklassen på baksida heilt til de har klart å lage ei god setning.

La alle gruppene prøve seg.

Oppsummering

Diskuter i klassen: Kva fann de ut om setningsoppbygging og ordklassar undervegs? Relevante spørsmål kan vere:

  • Kva for ordklassar må til for at ei setning skal bli meiningsfull?
  • Kva for ordklassar treng vi etter ein subjunksjon/konjunksjon for at setninga skal fungere?
  • Kan de seie noko om reglar for kva rekkefølge orda skal ha på norsk etter å ha utført oppgåva?
  • Måtte de legge til eller endre endingane på nokon av ordklassane for å få til setninga?
  • Kan de forklare kvifor de måtte gjere dette ved å bruke fagomgrep frå grammatikken? Døme kan vere "fleirtal, eintal, hunkjønn, hankjønn og så vidare."

Del 3: Kven held lengst?

Til denne oppgåva treng de ark og penn/blyant. De skal sitje i grupper på fire–seks personar.

Førebuingar

Før de set i gang, skal de lage fasit på eitt ark. Her må de lage ei oversikt over alle dei ti ordklassane, med mange døme.

Utnemn ein i gruppa til sekretær og dommar. Han/ho noterer ned namnet på dei ti ordklassane med døme. Viss de er usikre, må de bruke internett for å sjekke dykk sjølv.

Då kan de starte

Sekretæren er no blitt til dommar, og han/ho skal sitje med fasiten framfor seg. Dommaren seier namnet til ein i gruppa + ein ordklasse. Til dømes: "Nina, verb!". Nina har då fem sekund til å komme på eit verb.

Slik skal de halde heilt fram til ein ikkje kan svare. Denne er då ute. Dommaren må passe på at alle på gruppa blir utfordra omtrent like mange gonger. Hald på heilt til ein sit igjen som vinnar.

Auke vanskegrada?

For å gjere oppgåva vanskelegare kan de legge inn fleire grammatiske omgrep. Desse kan til dømes vere:

  • eit substantiv i bestemt form, eintal
  • eit verb i presens perfektum
  • eit adjektiv i superlativ
  • eit bestemmarord som er eit peikeord
  • eit gjensidig pronomen
  • og så vidare ...

Oppsummering

Klarer de å konkludere med kva for ordklassar de synest er vanskelegast å hugse? Prøv å lage nokre reglar for desse ordklassane saman i gruppa, slik at dei er lettare å hugse.

Del 4: Test kva de no kan om ordklassar

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

"Kva kan du om ordklassar? – Del 2" som rein tekst

Kva for ord er substantiv?

kanskje, snø, vill, gjere, pepar, utan, tankane, esel, fleire, visdom, Alpane, på, stor, tulipanen, Harstad, nøye, jobbe, flaks, rik, fattigdom, koppen, ete, sauer, kvarandre, Olav, siffer, ni, huff, krasje, kjensle

Vel adjektiva

rask, stol, no, vi, gul, dei, klissete, til, trygg, varm, kanskje, hår, tentamen, merkeleg, spurde, likevel, inne, aktuell, vaksen, skifte, glupsk, utan, det, firkanta, finst, ord, tydeleg, edru, adjektiv, inne, sporty

Vel alle orda som høyrer til ordklassen pronomen

  1. Vi drog heim etter at vi hadde besøkt ho.

  2. Vil du bli med oss på kino?

  3. De må ikkje la han bestemme i eitt og alt.

  4. Kvifor kan dei ikkje passe sine egne saker?

  5. Du kjenner ikkje meg.

  6. Sett Dykk på denne stolen, er De snill.

Vel alle verba i eksempelsetningane

  1. Dei skal spele på Ullevål om tre veker.

  2. Ho kjem alltid for seint.

  3. Ho har lært seg fallskjermhopping.

  4. Eg skulle gjerne ha komme, men har dessverre ikkje tid.

  5. Etter at dei hadde ete, gjekk dei i teateret.

  6. Har du pussa tennene?

  7. Når reiser vi heim?

  8. Vi kjem til å vinne denne handballkampen.

  9. Han skal flytte til Bodø i oktober.

  10. Han sa at han ville lære japansk.

Vel alle adverba i setningane nedanfor

  1. Eg har vore her før.

  2. Når er du fødd?

  3. Er du heime no?

  4. Ho har sikkert gløymt at ho skulle hit.

  5. Korleis klarte du det?

  6. Ho blei straks betre då ho fekk drikke eit glas vatn.

  7. Kurt skal heldigvis ikkje dra til Kina.

  8. Har du ete nok?

Vel alle preposisjonane i setningane nedanfor

  1. Han drog til Belgia.

  2. Det dryp frå taket.

  3. Vil du bli med meg på kino i kveld?

  4. Ho leita under senga, i skapet og på skrivebordet.

  5. Elevene låg på plenen og koste seg i sola.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 07.04.2026