Øvelse
Gjentaking
Sjå nærare på fotografiet ovanfor. Kva for "gjentakingar" finn du? Beskriv dei.
Sjå TINE-reklamefilmen for Norvegia-ost.
- Reklamefilmen består av ei rekkje ganske like scenar. Kva er det som endrar seg frå scene til scene? Kva er likt i alle scenane?
- Korleis er både gjentakingar og variasjonar med på å understreke reklamebodskapen?
Sjå på dei to første strofene i diktet "Fattern elska rødvin" av Arild Nyquist.
- Kva slags inntrykk av fattern og muttern får vi gjennom desse to strofene? Er dei to like eller ulike av type?
- Diktaren kombinerer her verkemidla gjentaking og kontrast. Kva for ord blir gjentekne? Kva er kontrastorda i strofene, og kvar i verselinjene finn vi dei?
Fattern elska Mozart
og muttern Rolling Stones
fattern elska plukkfisk
og muttern vannmelonFattern elska rødvin
og muttern akevitt
fattern elska system
og muttern rot og dritt(Nyquist, 1984)
- Sjå på Siv Jensens valappell. Kor er gjentakingane i innlegget hennar?
- Kva for funksjon meiner du gjentakingane har i innlegget?
Kjelder
Nyquist, A. (1984). "Fattern elska rødvin" fra Mr. Balubers trompet. Oslo: Aschehoug.
Relatert innhald
Fagstoff
Kommentert døme: politisk appellI valkampen bruker politikarane mange retoriske verkemiddel for å overtyde oss og få oss til å røyste på akkurat deira parti.