Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Finn gjentakingane

Gjentakingar er eit mykje brukt verkemiddel. Finn døme på dette i fleire ulike tekstar.

Del 1: Gjentaking i bilete

Sjå nærare på fotografiet ovanfor. Kva for "gjentakingar" finn du? Beskriv dei.

Del 2: Gjentaking i reklamefilm

Sjå TINE-reklamefilmen for Norvegia-ost (lengde 0:55).

  1. Reklamefilmen består av ei rekke ganske like scenar. Kva er det som endrar seg frå scene til scene? Kva er likt i alle scenane?
  2. Korleis er både gjentakingar og variasjonar med på å understreke reklamebodskapen?
Video: Try reklamebyrå for Tine Meierier / Avgrensa gjenbruk

Del 3: Gjentaking i lyrikk

Sjå på dei to første strofene i diktet "Fattern elska rødvin" av Arild Nyquist.

  1. Kva slags inntrykk av fattern og muttern får vi gjennom desse to strofene? Er dei to like eller ulike av type?
  2. Diktaren kombinerer her verkemidla gjentaking og kontrast. Kva for ord blir gjentekne? Kva er kontrastorda i strofene, og kvar i verselinjene finn vi dei?

Fattern elska Mozart
og muttern Rolling Stones
fattern elska plukkfisk
og muttern vannmelon

Fattern elska rødvin
og muttern akevitt
fattern elska system
og muttern rot og dritt

(Nyquist, 1984)

Del 4: Gjentaking i appell

  1. Sjå på Siv Jensens valappell (lengde 0:55). Kor er gjentakingane i innlegget hennar?
  2. Kva for funksjon meiner du gjentakingane har i innlegget?
Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Del 5: Bruk gjentakingar sjølv

Skriv ein kort tekst, 80–100 ord, der du bruker gjentakingar som verkemiddel. Du kan velje sjølv om det skal vere ein appell eller eit dikt.

Forslag til tema:

  • Karakterpress

  • Mobilavhengigheit

  • Perfekt fasade

  • Søvnmangel

  • Skulelei

  • Vaksenlogikk

Til lærar

Denne siste delen kan gjerast om til ei større oppgåve der elevane lagar ein samansett tekst. Be gjerne elevane om å formulere eit bodskap og ei målgruppe i forkant, samt grunngje ordval og bileteval i etterkant. Då blir dei meir medvitne om verkemidla dei bruker.

Kjelde

Nyquist, A. (1984). "Fattern elska rødvin" fra Mr. Balubers trompet. Oslo: Aschehoug.

Relatert innhald

Gjentaking

Les om gjentaking som språkleg verkemiddel.

Skrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist oppdatert 04.02.2026