Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Patos

Patos blir ofte omsett til "kjensler". I retorisk samanheng vil det seie at vi overtyder gjennom å vekke bestemte kjensler hos publikum.

Korleis vekke kjensler?

Du kjenner kanskje til reklameuttrykket "fordi du fortener det". Ei slik formulering vekker kanskje ei kjensle av at vi må kunne unne oss litt luksus i kvardagen, samtidig som det uttrykker at "du er spesiell". Klarer du å vekke bestemte kjensler hos publikum, kan det vere med på å halde på tilhøyrarane si interesse.

Ein tale utan kjensler vil vere ein kjedeleg tale. Då er det ikkje lett å overtyde. I tillegg kan kjensler påverke mottakarane si vurdering av saka, og det motiverer til handling. Vi kan skremme eller vekke avsky med negative kjensler, eller lokke med positive kjensler.

Når du i ein tale skal overtyde ved å vekke kjensler hos publikum, bør du vise at også du har denne kjensla. Om du skal få nokon til å bli opprørt over ei bestemt sak, må du vise at du er like opprørt.

Du kan også velje å fortelje om personar, ting eller situasjonar som vekker den bestemte kjensla du vil ha fram. I presentasjonar kan du bruke bilete, film eller lydopptak, eller gi detaljerte, levande skildringar.

Relatert innhald

Skrive av Elin Marie Voie.
Sist oppdatert 25.02.2026