Logos

Korleis argumentere logisk?
Det som stemmer overeins med verkelegheitserfaringa vår, oppfattar vi som sant eller sannsynleg.
Opplysningar som blir gitte, må oppfattast som sanne eller sannsynlege.
- Døme: Dyr kjenner smerte.
Slutningane som blir trekte på grunnlag av opplysningane, må oppfattast som sanne eller sannsynlege.
- Døme: Dyr kjenner smerte, og derfor bør vi forby produkt som er dyretesta.
Når du skal finne saklege argument om ei sak, bør du vurdere argumenta du kjem fram til. Du bør vurdere om argumenta stemmer, om dei er relevante, og om dei kan bevisast.
Relevans
Relevans handlar om at det du seier, har noko med saka å gjere, og om det er viktig eller sentralt for å overtyde mottakaren. Om du til dømes skal argumentere for at du treng ein ny sykkel, vil argumentet "Eg treng ein ny sykkel fordi vennen min har fått ein ny", ikkje vere relevant eller viktig for å overtyde foreldra dine, sjølv om det er viktig for deg. Dersom du i staden argumenterer med "Eg treng ein ny sykkel fordi den eg har, er øydelagd", er dette eit argument som er sterkare enn det første fordi det har større relevans for foreldra dine. Det er viktig for dei at sykkelen er i orden, slik at du kan bruke han. Då slepper dei kanskje å køyre deg?
Haldbarheit
Haldbarheit handlar om at du bør ha belegg eller bevis for at det du seier, er sant eller sannsynleg. Det er ikkje alltid du konkret kan bevise ein påstand, men då bør du prøve å komme med argument som bygger opp under påstanden.
Hugseregel
Her er ei lita hugseliste du kan bruke til å vurdere kva for argument eller påstandar du skal ha med:
- Er det rett? (Stemmer påstanden?)
- Er det viktig? (Er det relevant at nettopp dette argumentet er med?)
- Er det vektig? (Finst det bevis for at påstanden er sann? Er påstanden haldbar?)
Relatert innhald
Ei enkel øving der du skal bruke appellforma logos.