Korleis overtyde i skrift og tale?

Fire delar
Ein klassisk tale består av fire delar:
- Innleiing
- Saksframstilling, forteljing
- Argumentasjon
- Avslutting
Den klassiske taledisposisjonen er skreddarsydd for situasjonar der vi må argumentere direkte og ope for det vi meiner, for eksempel i ein politisk debatt. Først gjer vi greie for saka eller problemet, deretter argumenterer vi for synet vårt. I ein tale av denne typen er det argumentasjonen som får størst plass.
Også festtalen skal overtyde: Kvifor fortener ordføraren å få skryt? Kvifor er det så lett å vere glad i bursdagsbarnet? Det er denne typen spørsmål festtalar handlar om. Derfor kan vi bruke den klassiske taledisposisjonen også i ein festtale, vi må berre tilpasse han noko til situasjonen.
Femavsnittsmetoden
Femavsnittsmetoden er ei oppskrift du kan bruke når du skal skrive ein argumenterande tekst. Slik kan du bygge opp teksten din:
- Du skriv ein påstand (innleiing).
- Du skriv første argument som underbygger påstanden (sak pluss argument).
- Du skriv andre argument som underbygger påstanden (sak pluss nytt argument).
- Du skriv tredje argument som underbygger påstanden (sak pluss nytt argument).
- Du skriv ein konklusjon der du trekker inn alle dei tre argumenta du har levert (avslutting).
Sjå på eit døme
Studer 17. mai-talen som Jakob Semb Aasmundsen heldt i 2015 då han var 19 år.
- Korleis har han bygd opp talen sin?
- Korleis bruker han etos, patos og logos i argumentasjonen sin?