Oppgåve
Overtyd med patos
Har du forstått kva patos er? Prøv deg på å selje eit produkt ved å spele på kjensler.

Reklame for majones på 1920-tallet. Kva kjensler speler annonsen på?
Oppgåve. Skap kjensler for eit produkt!
Jobb saman i grupper på to til fire elevar.
Vel dykk eit produkt, til dømes sjokolade, brus, klesmerke, kosttilskott eller liknande.
Vel ei spesifikk kjensle, til dømes glede, sjalusi, svolt, tørst, å kjenne seg utanfor, dårleg samvit eller liknande.
No skal de konsentrere dykk berre om den eine kjensla. Korleis må de ordlegge dykk for å vekke den kjensla de har valt, når de skal overtyde ein mottakar om å kjøpe produktet dykkar?
Relatert innhald
Patos
Patos blir ofte omsett til «kjensler». I retorisk samanheng vil det seie at vi overtyder gjennom å vekkje bestemte kjensler hos publikum.