Utforsk teksten "Karakterboka"

Oppgåve 1. Jobb med teksten "Karakterboka"
Del 1: Førforståing
Jobb saman to og to eller i ei lita gruppe. Svar munnleg på spørsmåla under.
Kva tenker de på når de høyrer ordet "karakterar"?
Kva forventningar har de til eigne karakterar på skulen?
Er det andre de kjenner, til dømes familie eller venner, som påverkar kva karakterar de ønsker å få? Grunngi svara dykkar.
Del 2: Leseforståing
Jobb saman to og to.
Les teksten "Karakterboka" av Michael Ray Vera Cruz Angeles høgt for kvarandre to gonger. Øv på rett uttale og tempo.
Del 3: Svar på spørsmål til teksten
Svar skriftleg på spørsmåla under.
Kvifor var ikkje eg-personen stressa for å få karakterboka med seg heim?
Forklar kva det betyr å ha eit karaktersnitt på 5.
Kva var det som gjorde at mora blei irritert då ho såg karakteren i norsk?
Kva forklaring gav eg-personen til mora for at han fekk 3 i norsk munnleg og skriftleg?
Kvifor henta mora det norske passet?
Del 4: Refleksjonsoppgåver
Jobb saman to og to. Svar munnleg på oppgåvene under.
Kva tenker de om reaksjonen til mora?
Trur de eg-personen kjenner press frå familien når det gjeld resultat på skulen? Grunngi svara dykkar.
Kva fortel utdraget om det å vere norsk?
Er de einige i korleis eg-personen og mora tenker om det å vere norsk? Grunngi.
Del 5: Skriv din eigen tekst
La deg inspirere av "Karakterboka" og skriv din eigen tekst. Vel ein av teksttypane under.
Skriv ein dagboktekst der eg-personen anten gruer eller gler seg til å få karakterar i vidaregåande for første gong.
Skriv ein tale med overskrifta "Kva vil det seie å vere norsk?"