Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Øv på å skrive reflekterande om sakprosa

I denne oppgåva skal du øve på å skrive reflekterande om tekstar som handlar om språk, identitet og fleirspråklegheit.

Før du gjer oppgåva

Før du gjer denne oppgåva, bør du lese fagartikkelen "Kva betyr det å reflektere over sakprosa?"

Del 1: Les om fleirspråklegheit

  1. Les ein artikkel om fleirspråklegheit

    1. Les artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" på Forskning.no.

      Ordforklaringar til artikkelen

      morsmål
      det første språket du lærte som barn
      forsinke aldring
      (nynorsk: forseinke aldring) gjere så ein ikkje blir gammal så fort
      kognitiv
      det som har med tenking og læring å gjere
      balansere språk
      å bruke to eller fleire språk samtidig
      oppmerksom
      (nynorsk: merksam) at ein følger godt med
      arbeidsminne
      evna til å hugse og bruke informasjon
      kultur
      tradisjonar og vanar i eit land eller i ei gruppe
      majoritetsspråk
      språket dei fleste i eit land snakkar
      kompetanse
      det du kan eller har lært
      forelder
      mor eller far
      språktilegnelse
      (nynorsk: språktileigning) det å lære språk
      forskar
      ein person, ofte tilsett på eit universitet, som jobbar med å finne ut nye ting ved å undersøke og teste noko nøye
      innsats
      det å prøve eller gjere noko for å få eit resultat
    2. Skriv med éin til tre setningar kva du meiner er bodskapen i artikkelen. Du kan bruke desse setningsstartarane:

      • Bodskapen i artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" er ...

      • Dei tre språkforskarane som er intervjua seier at ...

      • Dessutan fortel forskarane at ...

  2. Les ein reportasje om innvandrarar og språk

    1. Les artikkelen "Ber foreldre snakke mer norsk med barna" på Klar tale.

    2. Skriv kva som er Bøhlers , med ein til tre setningar. Du kan bruke desse setningsstartarane:

      • Politikaren Jan Bøhler meiner at ...

      • Den viktigaste til at han meiner dette, er at ...

Del 2: Diskuter i grupper

Gå saman i grupper og gjer desse oppgåvene:

  1. Samanlikn det de har skrive. Snakk om innhaldet i tekstane for å vere sikre på at de har forstått dei.

  2. Diskuter hovudsynet i tekstane. Er de einige eller ueinige? Grunngi svara dykkar.

  3. Skriv ned to viktige for og to argument mot hovudsynet i kvar tekst.

Del 3: Oppgåva

Dei to tekstane de har lese, handlar om språk, fleirspråklegheit og identitet. No skal de skrive ein tekst der de reflekterer over innhaldet i tekstane.

Vel éin av oppgåvene under:

Vanskegrad 1

Forklar kva som er bodskapen i artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger". Reflekter deretter over korleis språk kan vere ein del av identiteten vår.

Vanskegrad 2

Forklar kva som er bodskapen i artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" og i "Ber foreldre snakke mer norsk med barna". Reflekter deretter over samanhengen mellom fleirspråklegheit og identitet.

Litt hjelp?

Dette kan hjelpe deg med å skrive teksten din:

Ein modelltekst

Ha teksten frå fagartikkelen "Kva betyr det å reflektere over sakprosa?" framfor deg mens du skriv. Der kan du sjå korleis du skal skrive gode setningar.

Setningsstartarar

Desse kan hjelpe deg med å starte setningane dine:

Vanskegrad 1

  • Artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" handlar om …

  • Forfattaren meiner at …

  • Eit viktig poeng i teksten er at …

  • Forsking viser at å kunne fleire språk …

  • Språk kan vere ein del av identiteten vår fordi …

  • Når vi snakkar fleire språk, kan vi …

  • Mange menneske føler at deira …

  • Eit døme på korleis språk og identitet heng saman er …

  • Eg trur at språk er viktig for identitet fordi …

  • Til slutt vil eg seie at ...

Vanskegrad 2

  • Begge tekstane handlar om …

  • Artikkelen "Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger" viser at …

  • Utspelet "Ber foreldre snakke mer norsk med barna" har eit anna syn på …

  • Mens artikkelen om språk og aldring seier at fleirspråklegheit er positivt, meiner den andre at …

  • Ein forskjell mellom tekstane er at …

  • Ein likskap mellom tekstane er …

  • Fleirspråklegheit kan vere viktig for identitet fordi …

  • Mange opplever at språk påverkar kven dei er fordi …

  • Eg meiner at det er viktig å …

  • Etter å ha lese begge tekstane vil eg konkludere med …

Del 4: Byt tekstar

  1. Gå saman med ein annan elev, gjerne ein som har valt same oppgåve som deg. Les tekstane til kvarandre og gi kvarandre tilbakemelding på innhaldet. Snakk om:

    • Har de svart på begge oppdraga i oppgåva? Altså både forklart kva som er bodskapane og reflektert sjølvstendig?

    • Har teksten ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning?

  2. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarte å skrive gode setningar. Det er viktig at de gir hyggelege tilbakemeldingar. Her er døme på korleis du kan snakke vennleg og forsiktig når du gir tilbakemeldingar:

    • Denne setninga synest eg var veldig god.

    • Det du skriv her, er veldig interessant.

    • Kanskje du må sjå på den setninga igjen? Eg forstår ikkje heilt kva du meiner. Kan du forklare?

    • Eg lurer på om verbet står på feil plass i denne setninga?

    • Her trur eg du må ha punktum og stor bokstav, stemmer ikkje det?

Del 5: Skriv ferdig teksten

Skriv ferdig teksten etter du har fått tilbakemelding på han.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 31.03.2025