Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Kva betyr det å reflektere over sakprosa?

I mange oppgåver kan du bli beden om å reflektere over noko som står i ein sakprosatekst, til dømes ein tekst frå ei avis, eit lesarinnlegg eller eit innlegg på sosiale medium. Kva skal du eigentleg gjere då?

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

Sakprosa
Sakprosa er tekstar som handlar om verkelegheita, til dømes nyheitsartiklar, fagbøker og rapportar.
Tenke kritisk
Å tenke kritisk er å ikkje tru på alt med ein gong, men undersøke om noko er sant ved å stille spørsmål og vurdere informasjonen.
Reflektere
Å reflektere betyr å tenke grundig over noko og vurdere det frå fleire sider for å forstå det betre.

Kva er sakprosa?

Sjå først ein film om dei viktigaste forskjellane på sakprosa og skjønnlitteratur (lengde 04:34).

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Kva betyr det å reflektere over sakprosa?

Når du skal reflektere over sakprosa, betyr det at du skal tenke over det du har lese og prøve å forstå kva teksten seier, og kvifor han seier det. Du kan stille deg sjølv desse spørsmåla:

  • Kva handlar teksten om?

  • Kva er ?

  • Kvifor har forfattaren skrive denne teksten?

  • Er eg einig eller ueinig i det som står i teksten? Kvifor?

Når du reflekterer, treng du ikkje å ha alle svara. Du kan stille spørsmål, deg og til det du les.

Sjå ein film om kritisk tenking

Sjå filmen "Kva er kritisk tenking?" (lengde 7:07) for å lære meir om kva det betyr å tenke kritisk.

Kva er kritisk tenking? Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Døme: Å reflektere over ein avisartikkel

Så korleis skal du skrive når oppgåva ber deg reflektere over ein saktekst?

Les artikkelen "Ber foreldre snakke mer norsk med barna" frå Klar tale. Les deretter dette dømet på korleis du kan reflektere skriftleg over tekst:

Tekstdøme

Dette er oppgåva eleven skal svare på:

Reflekter over innhaldet i artikkelen "Ber foreldre snakke mer norsk med barna".

Her er svaret:

Det går vel an å gjere begge delar?

Artikkelen "Ber foreldre snakke mer norsk med barna" handlar om at nokre barn med innvandrarbakgrunn slit med norsk på skulen. Politikaren Jan Bøhler meiner derfor at foreldre bør snakke meir norsk heime, slik at barna lærer språket betre.

Eg er einig i at det er viktig å kunne norsk godt for å klare seg i skulen og i samfunnet. Men eg synest òg det er viktig å morsmålet. Mange barn har familie i heimlandet, og viss dei gløymer morsmålet, kan det bli vanskeleg å snakke med besteforeldre og andre slektningar.

Eg trur ei god løysing er at barn får lære både norsk og . Då kan dei bli ein del av det norske samfunnet, men òg behalde språket og kulturen sin.

Sjølv snakkar eg arabisk heime, men norsk med vennene mine og på skulen. Eg gjer det bra på skulen, samtidig som eg kan snakke med bestemor frå Egypt når ho kjem på besøk. Det er òg viktig!

Så altså: Jan Bøhler peiker på eit viktig problem, men bruker feil for å problemet.

Kvifor er dette eit godt svar?

Dette er eit godt svar fordi det først forklarer kva tekstvedlegget handlar om, og forfattaren stiller så spørsmål og deler eigne erfaringar. Svaret gir òg både og kritikk til det som står i artikkelen.

Forklarer kva teksten handlar om

Svaret startar med å forklare at artikkelen handlar om at nokre politikarar vil at foreldre skal snakke meir norsk med barna heime. Dette viser at den som har skrive refleksjonen, har forstått i teksten.

Undrar seg over kva teksten betyr

Svaret ser både på fordelar og . Det seier seg einig i at norsk er viktig for skule og samfunn, men svaret viser òg at morsmålet er viktig for familie og identitet. Dette viser refleksjon fordi den som har skrive teksten, viser at hen tenker vidare og stiller spørsmål.

Bruk personlege erfaringar

Svaret fortel om ei eiga oppleving – å snakke arabisk heime og norsk på skulen. Dette viser at det er mogleg å lære begge språk samtidig. Personlege døme gjer refleksjonen .

Vurderer bodskapen i artikkelen

Til slutt i svaret står det at Jan Bøhler peiker på eit viktig problem, men foreslår feil løysing. Dette viser kritisk tenking – at den som skriv, ikkje berre godtek det som står i artikkelen, men òg vurderer om det er rett.


Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 03.06.2025