Kva er sakprosa?

Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:
- Forfattar
- Ein forfattar er ein person som skriv tekstar.
- Sjanger
- Sjanger er fagomgrepet vi bruker om tekstar som liknar kvarandre.
- Sakleg
- Du er sakleg når du held deg til saka, bygger på fakta og ikkje trekker inn kjensler.
Forskjellen på sakprosa og skjønnlitteratur
Sjå først ein film om dei viktigaste forskjellane på sakprosa og skjønnlitteratur (lengde 4:34).
Kva er sakprosa?
Sakprosa er tekstar som beskriv verkelegheita. Det betyr at innhaldet i tekstane er sant. Forfattaren skriv først og fremst for å informere eller lære deg noko hen synest er viktig. Litt forenkla kan vi seie at alle tekstar som ikkje er skjønnlitteratur, altså oppdikta, er sakprosa.
Ulike typar sakprosa
Eit anna ord som er fint å kunne, er sjanger. Vi seier at vi kan dele inn sakprosa i fleire ulike sjangrar. Her er nokre vanlege sjangrar i sakprosa:
Bruksrettleiing
Bruksrettleiingar er tekstar som forklarer korleis du skal bruke eller lage noko. Som oftast er det bilete eller teikningar saman med ein kort tekst. I bruksrettleiingar er det viktig at teksten er kort og presis, slik at dei som skal følge han, forstår han og gjer alt rett.

Artikkel
Artikkelen er ein av dei vanlegaste sakprosasjangrane. Det er ein skriftleg sjanger der vi forventar at innhaldet i han er sakleg og rett. I ein artikkel vil du ofte finne kjelder som bekreftar at det som står der, er noko som fleire er einige om.
Vi finn ulike variantar av artiklar i bøker, aviser, tidsskrifter, oppslagsverk og brosjyrar – både på papir og på nett.

Lesarinnlegg
Lesarinnlegg er ganske korte tekstar der nokon skriv meininga si om ei sak og prøver å overtyde mottakaren. Lesarinnlegg er som oftast publiserte i aviser på papir og på nett. I lokalaviser finn du gjerne lesarinnlegg som gjeld saker i nærområdet, men dei kan òg handle om nasjonale og internasjonale saker.
Kåseri
Kåseri er korte tekstar som tek for seg eit kvardagsleg tema på ein morosam måte. Eit munnleg språk, humor og ironi er vanlege verkemiddel. Kåseria skal underhalde, men samtidig òg få deg til å sjå ei sak frå fleire sider. Teksten kan til dømes ta med morosame og rare argument som får deg til å le, samtidig som det er eit viktig poeng der, som får deg til å tenke.
Essay
Vi seier ofte at essayforfattaren vandrar i eit tema. Forfattaren skriv om eit hovudtema, men byter mellom å skrive det hen meiner og tenker (subjektive meiningar) og sitat og faktum. Målet med essayeit er at du skal tenke nytt om temaet, ikkje at teksten skal gi deg eit "rett" svar. I filmen under (lengde 3:18) får du vite meir om sjangeren, og korleis du skriv eit essay.
Narrativ sakprosa
Denne sjangeren kan vi òg kalle litterær sakprosa. Det er tekstar som beskriv noko verkeleg, ei historie som har skjedd, eller ein person som finst. Forskjellen frå mange andre saktekstar er at denne sjangeren låner mange trekk frå skjønnlitteraturen. Teksten vil til dømes påverke kjenslene dine gjennom å bruke ulike språklege verkemiddel. Du kan bli i tvil om det som står der, er fantasi eller om det er sant.
Eit døme på ein slik tekst er boka To søstre av Åsne Seierstad. I animasjonen under (lengde 0:49) får du eit utdrag frå ho.
Sakprosa i arbeidslivet
Dei aller fleste må skrive ulike sakprosatekstar i jobben sin. Kanskje skal du skrive ein rapport, ein e-post eller lage ein presentasjon. I alle desse teksttypane forventar mottakaren at du skal skrive sakleg og rett.
Du kan lese meir om korleis du skriv slike tekstar i emnet "Å skrive på jobben".