Unngå setningsstabling – lag flyt i språket
Kva er setningsstabling?
Sjå filmen om setningsstabling (lengde 4:55)
Del 1: Diskuter i grupper
Etter at de har sett filmen Setningsstabling over, kan de setje dykk saman i grupper og jobbe med desse oppgåvene:
Forstod de kva "setningsstabling" betyr?
Setningsstabling er ein vanleg feil for elevar med norsk som andrespråk. Kva trur de kan vere årsaka til det? Tenk gjerne over reglar for punktum og komma i førstespråket dykkar.
Er de setningsstablarar? Tenk over:
Har de fått tilbakemelding frå lærarar om at de bruker komma der det eigentleg skal vere punktum?
Forstår de forskjellen på når de skal bruke komma, og når de skal bruke punktum i norsk?
Del 2: Finn setningsstablinga
I oppgåva under skal du finne setningsstablinga. Hugs at setningsstabling er når du bruker komma mellom to heilsetningar.
Ei heilsetning er ei setning som kan stå åleine. Ho har både subjekt og verbal. Til dømes er Han et ei heilsetning fordi ho har både subjekt (han) og verbal (et).
Del 3: Lag flyt mellom setningane
Gå saman i par. Prøv å skrive dei tre tekstane under riktig. Du kan byte ut komma med punktum der kommaet er brukt feil, og du kan binde saman setningar med setningskoplarar:
I går besøkte eg bestefar. Han er snill, han gir meg alltid gode råd. Då eg såg han, blei eg veldig glad.
No skal eg gå til skulen, skulen min ligg i byen. Når eg kjem dit, skal eg ha engelsk i første timen.
Eg gjekk til butikken, eg kjøpte mjølk, eg såg ein venn, vi snakka saman.
Del 4: Oversikt over setningskoplarar
Under ser du ei oversikt over vanlege setningskoplarar du kan bruke. Då lagar du flyt og unngår setningsstabling. Veit du kva dei betyr? Finn ut av det ved å sjå på korleis setningskoplarane er brukte i setninga, og ved å bruke ordbok.
Årsaka er at: Det er betre å bu i byen enn på landet. Årsaka er at byen har fleire valmoglegheiter.
Ei anna årsak er at: Ei anna årsak til at det er betre å bu i byen, er at du treffer fleire ulike menneske.
Til dømes: Til dømes er det lettare å treffe folk med same interessa som deg i byen enn på landet.
Nemleg: Det er ikkje betre å bu i byen enn på landet. Frisk luft er nemleg viktigare enn valmoglegheiter.
Fordi: Guten må flytte. Han er lei seg for dette fordi han vil bli buande.
Likevel: Han fekk ein bil til bursdagen. Likevel var han ikkje nøgd. Han ønskte seg nemleg ein båt.
Mellom anna: Det er mange årsaker til at eg vil flytte til Bergen. Mellom anna har eg kjæraste der.
Del 5: Fiks eit avsnitt med setningsstabling
I avsnittet under er det mykje setningsstabling. Prøv å lage avsnittet betre ved å
setje punktum der komma er feil
bruke setningskoplarar. Bruk gjerne setningskoplarane over.
Mange liker å vere på sosiale medium, dei kan halde kontakt med venner. Dei finn underhaldning på sosiale medium, det er mange morosame innlegg. Det tek mykje tid, folk bruker altfor mange timar på TikTok.
Del 6: Skriv eit avsnitt saman med ein annan i klassen
No skal de sitje i par og samskrive to avsnitt. Å samskrive betyr at de skriv saman. Sånn gjer de det:
Start på kvar dykkar temasetning til eit avsnitt som skal handle om at det er viktig å ete sunn og god mat.
Byt pc/ark med den de sit ved sida. Skriv neste setning i avsnittet. Hugs å bruke setningskoplar viss det er naturleg.
Byt tilbake.
Hald fram slik til de har skrive 6–8 setningar.
Les over avsnitta de har skrive og diskuter om de klarte å lage flyt i språket.