Sluttfør fagartikkelen

Å gjere ferdig teksten din
Når du er ferdig med å skrive, må du lese nøye gjennom teksten. Du må sjå etter småfeil, rare setningar og dårleg flyt. Dette er viktig! Viss du leverer ein tekst med mange feil, får lesaren eit dårleg inntrykk.
Del 1: Les høgt saman
Jobb saman med éin eller to andre elevar. Les teksten de har skrive høgt for kvarandre. Då høyrer du lettare om noko er gale. Du kan merke at noko er feil viss
du må stoppe når du les fordi setninga er vanskeleg å forstå
partnaren din seier "stopp" fordi noko høyrest rart ut. Spør: Er det vanskeleg å forstå? Passar ikkje setninga? Må eg forandre innhaldet?
du høyrer at teksten ikkje flyt godt. Kan du bruke setningskoplarar eller lage betre avsnitt?
Tips
Somme har mange småfeil i teksten. Desse feila kan vere vanskelege å finne. Då kan du prøve dette:
Skriv ut teksten. Det kan vere lettare å finne feil på papir enn på skjerm.
Les teksten baklengs. Start med den siste setninga. Då les du saktare og ser lettare feil.
Del 2: Korleis skal teksten sjå ut?
Innhaldet er viktigast, men korleis teksten ser ut, har òg noko å seie. Her er nokre tips:
Bruk skriftstorleik 12 på all skrift bortsett frå tittelen.
Skrifta på tittelen skal vere større enn resten av skrifta.
Vel ein vanleg skrifttype, som Arial eller Times New Roman.
Del teksten i tydelege avsnitt. Bruk linjeskift to gonger.
Ikkje lag "falske" avsnitt. Trykk ikkje linjeskift éin gong midt i eit avsnitt.
Er du usikker på korleis du kan forandre utsjånaden på teksten? Sjå døma i ressursen "Øv på tekstbehandling: endre på formatering".
No er du klar til å levere. Lykke til!