Korleis skrive fagartikkel?

Del 1: Konspirasjonsteoriar
For å forstå kva ein fagartikkel er, skal de først lese ein fagartikkel om konspirasjonsteoriar. Før de les han, skal de finne ut kva de veit om emnet.
Diskuter i grupper:
Kva er ein konspirasjonsteori?
Kva for konspirasjonsteoriar veit de om?
Trur de, eller kjenner de nokon, som trur på konspirasjonsteoriar?
Når de er ferdige, kan de samanfatte saman med dei andre elevane i klassen.
Del 2: Kva er ein fagartikkel?
Diskuter i par eller grupper:
Fagartikkelen er ein sjanger. Det betyr at det er ein type tekst. Veit de noko om sjangeren fagartikkel? Hint: Fagartikkel er eit samansett ord. Det er sett saman av orda fag + artikkel.
Korleis trur de ein fagartikkel skal byggast opp? (Kva for nokon ulike delar bør han ha?)
Korleis trur de språket skal vere i ein fagartikkel? Grunngi svaret.
Når de er ferdige, kan de samanfatte saman med dei andre elevane i klassen.
Del 3: Les ein fagartikkel om konspirasjonsteoriar
Gå saman i grupper og diskuter:
Kvifor er dette ein god fagartikkel?
Kvar er overskrifta, innleiinga, hovuddelen og avslutninga i teksten?
Korleis blir døme brukte i teksten?
Korleis blir kjelder brukte i teksten?
Korleis er språket i teksten?
Samanfatt saman med dei andre elevane i klassen.
Del 4: Sjå filmen Korleis skrive ein fagartikkel?
Sjå filmen Korleis skrive ein fagartikkel (lengde 8:15).
Diskuter i klassen og finn svar på desse spørsmåla:
Kva betyr det at ein fagartikkel skal ha tre delar?
Kva er eit avsnitt?
Kva er ei temasetning?
Kva er kommentarsetningar?
Kva betyr det at eit avsnitt skal ha fire delar?
temasetning
kommentarsetningar
døme
oppsummering
Kva er oppgåva til innleiinga, avslutninga og overskrifta?
Del 5: Å bruke kjelder i ein fagartikkel
Sjå filmen om å bruke kjelder i fagartikkel (lengde 03:03).
Diskuter: Kvifor er det viktig å bruke kjelder i ein fagartikkel?
Del 6: Finn eit emne de vil skrive om
Finn eit emne de vil skrive ein fagartikkel om. Få hjelp av læraren til å lage oppgåva de skal svare på.
Ha ei idémyldring saman. Skriv ned gode idéar om
kva avsnitta i hovuddelen skal handle om
kva for døme de skal bruke i avsnitta
kjelder de kan bruke i fagartikkelen
Del 7: Skriv fagartikkelen
No skal du skrive fagartikkelen din. Gjer det slik:
Opne og lagre modellteksten under.
Skriv analysen din inn i høgre kolonne i tabellen. Dette skal hjelpe deg til å lage ein god struktur.
Når du er ferdig, klipper og limer du teksten din inn i eit nytt dokument (Marker teksten, høgreklikk og vel "klipp ut". Så høgreklikkar du der du vil lime inn teksten og vel "lim inn") utan tabell.
- Fagartikkel i tabell(DOCX)
Del 8: Gi kvarandre tilbakemelding
Byt tekst med ein annan elev i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding. Sjå på dette:
Har teksten med alle desse delane: overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning?
Presenterer innleiinga temaet og avsluttar med eit spørsmål?
Har avsnitta god struktur med både ei tydeleg temasetning og døme?
Er språket klart?
Er språket objektivt og sakleg?
Fiks deretter teksten etter å ha fått tilbakemelding frå medeleven din.