Les og diskuter ein fagartikkel

Del 1: Les ein fagartikkel om konspirasjonsteoriar
Les fagartikkelen "Er konspirasjonsteoriar farlege?".
Gå saman i grupper og diskuter kvifor dette er eit godt døme på ein fagartikkel. De skal diskutere desse punkta:
Korleis svarer artikkelforfattaren på problemstillinga "Er konspirasjonsteoriar farlege"?
Korleis klarer forfattaren å sjå på fleire sider av saka? Finn døme på argument der forfattaren tek for seg ulike sider av saka.
Korleis bruker forfattaren ei kjelde for å grunngi?
Kva er innleiing, hovuddel og avslutning i artikkelen? Kva for ei oppgåve har kvar av desse delane i teksten?
Korleis er språket i fagartikkelen?
Del 2: Strukturen i fagartikkel
Last ned fagartikkelen i PDF-fila under. Legg merke til korleis fagartikkelen er delt inn i
innleiing
hovuddel med to avsnitt
avslutning
Les kommentarane til høgre i tabellen for å lære korleis du kan lage ein god struktur når du no skal i gang med å skrive din eigen fagartikkel.
Gå vidare i læringsstien for å starte arbeidet med å skrive din eigen fagartikkel.