Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Skriv innleiing og avslutning til fagartikkelen

Når du har skrive ferdig hovuddelen til fagartikkelen din, er det på tide å lage ei innleiing og ei avslutning. Heilt til slutt lærer du korleis du kan lage ein tittel på fagartikkelen.

Del 1: Skriv ei innleiing

Det kan vere lurt å skrive innleiinga etter at du har skrive hovuddelen. Du veit betre kva du vil seie når du har skrive hovuddelen, og då er det enklare å skrive ei innleiing som passar til innhaldet i hovuddelen.

Sjå gjennom presentasjonen under for å få tips om korleis du kan skrive innleiinga di:

Trinn 1: Presenter temaet

  • Skriv mellom to og fem setningar om temaet "ungdom og press". Du skal ikkje svare på no, berre presentere temaet. Du kan bruke desse setningsstartarane:

    • Mange ungdommar i dag kjenner ...

    • No for tida skriv avisene mykje om ...

Trinn 2: Avslutt med problemstillinga

  • Avslutt innleiinga di med å skrive inn problemstillinga du skal svare på. Form ho som eit spørsmål og avslutt med spørsmålsteikn.

Del 2: Skriv ei avslutning

Sjå gjennom presentasjonen under for å få tips om korleis du kan skrive avslutninga di.

Del 3: Lag tittel

Det siste du skal lage, er tittelen til fagartikkelen. Årsaka er at tittelen skal vise kva teksten handlar om, noko som er lettare å få til etter at du har skrive teksten.

Ein god tittel

  • gir lesaren informasjon om kva teksten handlar om

  • er ikkje for lang

  1. Skriv tittelen øvst i fagartikkelen din med større skrift enn skrifta du har brukt elles.

  2. Samanlikn med tre–fire andre elevar og gi kvarandre tilbakemeldingar på om de har klart å lage gode titlar.

Gå vidare i læringsstien for å gjere fagartikkelen din ferdig.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 22.06.2025