Modelltekst fagartikkel
Er konspirasjonsteoriar farlege?
Mange trur på konspirasjonsteoriar. Konspirasjonsteoriar er idéar om at nokon har ein hemmeleg plan for å skade andre eller styre verda. Desse idéane er ofte ikkje sanne, men dei spreier seg fort på internett og i media. Kan slike konspirasjonsteoriar vere farlege?
Eit problem med konspirasjonsteoriar er at dei kan få folk til å ta dårlege val. Grunnen er at dei trur på noko som ikkje er sant. Dette kan gjere menneske usikre på kva som eigentleg er rett og gale. Eit døme er teoriane om koronavaksinen. Då vaksinen kom, var det nokon som sa at han var farleg og kunne gjere folk sjuke. Nokon sa òg at styresmaktene brukte vaksinen for å kontrollere folk. Desse påstandane var ikkje sanne, men mange trudde på dei. Derfor var det fleire som ikkje tok vaksinen, og det førte til at ein del blei sjuke av koronaviruset. Dette viser at feil informasjon kan skade både dei som trur på han, og andre rundt dei. Det kan òg skape frykt i samfunnet.
Eit anna problem med konspirasjonsteoriar er at dei kan true demokratiet. Konspirasjonsteoriar spreier seg fort, spesielt på internett. NDLA skriv at konspirasjonsteoriar er "eit symptom på aukande misnøye og skepsis mot demokratiet" (Utvik, 2021). Dette betyr at viss det er mange konspirasjonsteoriar i eit samfunn, er demokratiet trua. Eit døme er angrepet på Kongressen i USA 6. januar 2021. Donald Trump og tilhengarane hans sa at presidentvalet var fusk. Dette spreidde seg fort på internett. Fleire menneske som trudde på konspirasjonsteorien til Trump, storma kongressen. I dag meiner mange at demokratiet i USA er trua på grunn av konspirasjonsteoriar.
Vi kan altså seie at konspirasjonsteoriar kan vere farlege. Dei kan både få folk til å handle feil og true demokratiet. Derfor er det viktig å tenke nøye gjennom kva vi trur på, og alltid sjekke kjelder for å vite om det vi høyrer eller les, er sant.
Relatert innhald
Korleis kan du skrive ein enkel fagartikkel? Her finn du både gode tips, ein film og ein modelltekst. For deg som held på å lære norsk.